Vellukka kystgardsamling på Fodno

Kulturlandskapstypen kystlynghei vert skjøtta ved sviing og beiting. I år var me heldige med været slik at me fekk svidd ca 50 daa lyngbeite på vestsida av Fodno.

Fredag 13. og laurdag 14. april var 20 personar samla på Fodno i samband med årets temasamling, kystgard og kystlynghei.

Dei første møttes til kaffimat i skulehuset. Nyinnkjøpt kaffitraktert og vaffeljern vart innvigd i eit nyvaska skulehus som feirer100 år`s jubileum i år.

Markvandringa starta ved Bård Inge og Elin sitt nybygde sauehus kor Bård Inge fortalte om si drift. Han har som mål å få god kjøttproduksjon på sau. Grunnstamma er gamalnorsk sau som vert kryssa med andre raser for å oppnå dette. Eit anna viktig prosjekt er istandsetting av jordbruksareal for å produsere meir og betre gras på garden. Sidan han overtok drifta har han sette opp nye gjerde, rydda beiter og grøfta innmark. Han nytter og utmark og svir lyngbeita.

Vidare gjekk vandringa til Lisa og  Svein Eivind sin gard. Dei kjøpte garden og flytte til Fodno for nokre år sidan. Desse åra har det vore mange val å ta mht kva dei vil drive med og korleis prioritere blant tiltak. Dei har i dag gamalnorsk spelsau og gamalnorsk sau i tillegg til  Fjordfe og Dexter.  Den tradisjonelle løa vert brukt og sett istand. Her er det og mykje gjerde som er i ferd med å komme opp for å nytte både inn- og utmarka best mogeleg.  Me fekk og sjå uteløa som med hjelp av SMIL tilskot og erfaren restaureringssnekker skal settast istand. Materiale skåre i Visvikjo låg klar. Steingardane vart beundra og utfordringar diskutert.

Det vart dekka og servert middag til 17 personar i skulehuset. Grilla laks frå Engesund, med potet- og grøn salat og kvitlauks bagettar. Kaffi, lefse og gulrotkake etterpå. Stearinlys og vedfyring var ei fin ramme kring historier frå livet på Fodno.

Laurdag møttes vi att kl 11.00 til kaffi og kake. Robert fortalte frå sin oppvekst på Fodno med skule annankvar veke og 12 elever frå Nord- og Sørfonno på det meste. Han fortalte og om gardsdrifta som han overtok i 1980. Han valde å  drive med  Angus kyr og dei seinare åra og med sau. På veg mot Ramsberget fekk vi sjå mykje av bakkane Robert har rydda. Overalt er det spor etter rydda brakje og sviing. Frå toppen (149 moh) som er det høgaste punktet i Fitjarøyane ser vi mot vest og Teløysundet der vi skal svi lyng med Bård Inge som brannansvarleg.

Det er alltid spennande om lyngen er tørr nok for å få vellykka sviing. Det vart prøvd ut nokre mindre felt på vegen. Området Bård Inge hadde sett seg ut var kupert med høg lyng, berg og myr. Då me nærma oss, steig allereie røyken lovande opp Det vart vellykka brenning sjølv om det er arbeid med å «tenne på» i det kuperte terrenget som det er ein del av i Fitjarøyane.

Takk til brukarane på Fonno for at samlinga vart her i 2018.

Takk til dere som stelte så fint til i skulehuset.

Me satser på ny kystgardsamling våren 2019.

Helsing Arbeidsgruppa 2018: Bård Inge,  Svein Eivind, Turid, Maien og Aase