Regjeringa foreslår avgiftslette på øl

Regjeringen foreslår avgiftslette for små bryggeri i revidert nasjonalbudsjett som kjem på tysdag. 

 

Forslaget omfattar bryggeri som produserer under 500.000 liter øl med styrke fra 3,7 til og med 4,7 volumprosent alkohol.  Det vil seia øl som kan seljast i butikk.

Avgiftsletten gjeld for omsetninga av dei første 200.000 literane. Talet på mikrobryggeri har auka sterkt dei siste åra, og det er i dag rundt 150 slike produkssjonsstader i over heie landet.

Med forslaget ønskjer Regjeringa å stimulera til auka mangfold og brygging av øl lokalt. Mange bryggerigründerar står på, skaper verdiar og tar ut lite lønn. Denne avgiftsletten kan bidra til at fleire etablerer og opprettheld arbeidsplassar. Det gjer kvardagen litt enklare for gründerane.

– Dette er fyrst og fremst distriktspolitikk idet me legg til rette for å skapa og trygge små bedrifter i Distrikts-Norge, seier Helge André Njåstad, finanspolitisk talsmann for FrP. 

– Me ser at fleire og fleire startar opp småbryggeri, så det er flott å kunna foreslå avgiftsreduksjonar som gjer at desse kan konkurrera med dei store.

Forslaget vil gjelda elleve bryggeri i Hordaland; blant desse er Håndbryggeriet En Liten Øl i Kråko.