Lars Vik, Rasmus Fitjar og Geir Vik i Kultursalen framfor eit bilete av avdøde Rasmus Rydland. Foto: Trygve Eiken.

Strålande mimrekonsert etter Fitjarkvartetten og diktinga til Lars Vik

Dei fekk ei strålande oppleving dei som var til stades under den gode og friske song- og musikkvelden i Fitjar kultur- og idrettsbygg søndag.

 

Dette var ein mimrekonsert etter Fitjarkvartetten og Lars Vik si dikting.

Dei som var med var Fitjar Musikkforening, Osternes Mannskor, Fitjarbrørne, Tom og Arve Rydland, Silje Rydland og Fitjar ad hoc med Martin Hatlevik, Tom Rydland, Gurid Refvik. På piano Svein Tørnquist, sax Ole Chr. Ottestad, trekkspel Harald Rydland, bass Heine Helland og trommer Sverre Fangel Brekke.

Endå det var ein liknande konsert med stappfullt Fitjar Bedehus i november 2017, var det over 300 som kom denne gongen og. Som i bedehuset var det også denne ettermiddagen Rasmus Fitjar som leia det heile. 

Ein kommentar frå ein av tilhøyrarane:

– Strålande ettermiddag. Dette var både sterkt og flott på alle måtar, og så fint med alle som deltok med desse sterke songane. Eg kjende eg blei rørt heilt frå de starta med. «Det skal bli en gledens dag» … til siste song «Vi skal fara bortom månen, vi skal fara bortom Mars»… De skulle reist rundt i heile Sunnhordland med denne flotte framføringa. Gud har velsigna Fitjar bygda med fantastiske song- og musikkrefter. 

Det takkar me for. 

Takk til alle som kom og var med.

 


Stappfult hus i Kultursalen søndag ettermiddag. Foto: Trygve Eiken. 

 

 

how much does steroids cost