Bandet «Timeline» med Oddvar Schei og Bjørn Kristian Heggøy (bak), og framme f.v. Harry Svendsen, Ansgar Helland og Bjørn Helland. Foto: Hildegunn Strand. 

Nytt band opptrer i «Toskahålo»

I morgon kveld kan me få høyra eit nytt Fitjar-band når «Timeline» opptrer med pop, rock og blues i «Toskahålo» på Fitjar Fjordhotell.

 

Dei fem som dannar det nye bandet i Fitjar, øver på garasjeloftet til Ansgar Helland. Han er initiativtakar til bandet som har fått namnet «Timeline». 

– Dette går ikkje an, sa trommisen Ansgar til seg sjølv der han sat på garasjeloftet åleine, eg må få med meg folk og danna eit band!

Og som sagt, så gjort: Først fekk han med seg bassgitarist Bjørn Kristian Heggøy, resirkulert frå bandet «Revivals» som ligg nede for tida. Så fekk han tak i ein annan Bjørn, nemleg «naboen» Bjørn Helland, som syng songar og spelar akustisk gitar. Etter kvart fann han tak i to mann på Stord. Harry Svendsen spelar elgitar og kjem opphavleg frå Troms. Oddvar Schei er ein bømling som bur på Stord; han spelar kassagitar og syng låtar.

Sistnemnde har skrive fleire av låtane til bandet, som hovudsakleg spelar rock «n roll og blues. Schei har vore i ABC Studio i Etne og spelt inn poplåten «There is nobody home», som kjem ut på Spotify om kort tid. 

Namnet «Timeline» kjem av repertoaret dei spelar. Den ferskaste låten er altså ikkje komen ut enno, medan den eldste låten dei spelar, er er «Mercury Blues» frå 1949. No drar dei tidslinja i nesten 70 år, fram til dei rykande ferske låtane til Oddvar Schei. 

Det mest spesielle med bandet, seier Harry Svendsen, er at me er fem ulike personar som tar med oss fem ulike musikkstilar i samarbeidet. Dei vil ikkje berre spela kjende låtar, men gjerne låtar som ikkje så mange andre spelar. Kort sagt alt mulig!

No gler han seg til å koma seg ut saman med dei andre og spela for folk. Me skal ha det gøy, og me håpar folk vil lika det, seier Svendsen, som har lang erfaring frå ulike band, innan blues, rock og country.

Det fungerer godt, meiner Bjørn Helland, så langt har det vore lite krangling! Han har spela kassagitar på nachspiel i 40 år.

– Men han har aldri spelt ein heil song! seier Ansgar Helland.

– No gler eg meg til å spela spela heile songar! seier ein forventningsfull Bjørn Helland til slutt. 

På garasjeloftet har dei eit svært høveleg øvingslokale, er alle bandmedlemmeien einige om. Og naboen Sukhwinder Koløen har gitt tommelen opp, så me køyrer på! seier Ansgar Helland, 

I morgon, onsdag 9. mai, stiller dei opp i «Toskahålo» på Fitjar Fjordhotell med to av dei mest kjende låtane til Oddvar Schei, ulike låtar av Beatles, Jimi Hendrix, Pink Floyd, og mykje annan god musikk.  

 


På garasjeloftet har dei det trongt og triveleg, f.v. Harry Svendsen, Bjørn Kristian Heggøy, Ansgar Helland, Oddvar Schei og Bjørn Helland. Foto: Hildegunn Strand.