Halvor Livastøl Aga t.v. er ein fighter, og blei beste fitjarbu på 10 km under Sunnhordland maraton. Foto: FP-arkiv / Dan Torbjørnsen. 

Halvor Livastøl Aga beste fitjarløpar

Under laurdagens stormønstring på Stord, Sunnhordland Maraton, var det Halvor Livastøl Aga som stod for den beste prestasjonen av fitjarløparane, med andreplass på 10 km i 14-årsklassen. 

 

Halvor Aga var beste fitjarbu på 10 km, rett føre Nina Aarbø Olsen under Sunnhordland Maraton. Tida 43.16 i den ganske tunge løypa gav 11.-plass av totalt 244 startande på denne distansen. Nina kom akkurat eit halvt minutt bak Halvor, på 43.46, og var med det raskaste dame på distansen. Andre Fitjar-løpararar på 10 km var Hildegunn Solli, Margot Fitjar, Elin Eidet Aarskog, Annette Helland, Marianne Aarbø, Jessica Daisy Doonkersloot og Gerd Sletten Vestvik. 


Nina Aarbø Olsen blei beste dame på 10 km under Sunnhordland maraton på Stord i helga. Foto: FP-arkiv/KR. 

 
På den lengste distansen finn me ingen fitjarbuar, men om me ser godt etter, finn me fleire spreke, lokale heltar på den halve distansen. Den raskaste av desse var Tor Henning Vestbøstad, som kom inn på 15.-plass med tida 1.33,11. Også Lars Andreas Larsen kom på førstesida av resultatlista med tida 1.37,21.

Elles legg me merke til at far og son Magne og Rune Skumsnes sprang i lag over mål på 64. og 65. plass. Andre Fitjar-deltakarar på halvmaraton var Kjell Kristian Midtsæter, Sverre Fangel Brekke, Roar Pedersen, Nils Andreas Brekke og Anja Austlid.

Me gratulerer med imponerande innsats.