På Selevik skule har alle elevane hoppa for livet i to veker. Foto: Elisabeth Kjærland. 

Elevane hoppar tau for hjarta

Dei to siste vekene har skuleelevar over heile landet vore med i ein stor hoppetaukonkurranse i regi av Nasjonalforeningen for folkehelsen. Elevar ved Rimbareid og Selevik skular i Fitjar har vore blant dei ivrige hopparane. 

 

Årets hoppetaukonkurranse blei hoppa i gang tysdag i førre veke, og var ferdig i dag, fredag 4. mai. Over 100 000 barn over heile landet har vore med. I Hordaland fylke har 9 546 elevar hoppa for livet i neste to heile veker. Blant desse er 5.-klassingane på Rimbareid skule og alle elevane ved Selevik skule.

– Mange lærarar har gitt tilbakemelding om at konkurransen bidrar til samhald og godt læringsmiljø. Med «Hopp for hjertet» ønskjer vi å leggja til rette for at elevane kan vera meir fysisk aktive i løpet av skuledagen, seier generalsekretær i Nasjonalforeningen for folkehelsen, Lisbet Rugtvedt. Ho representerer organisasjonen som står bak initiativet, som i fleire år har aktivisert barn på 4.-7.trinn.

I løpet av dei to vekene gjaldt det for elevane å hoppa så mykje som mogleg, og samla poeng per minutt dei har hoppa. Før utgangen av mai blir det kåra ein nasjonal hoppetauvinner, og ein fylkesvinnar i kvart fylke.

 

 


Tilda Oliv Pletten Haugen (i kvit jakke) og Nathalie Jespersen Lyngbø svingar to tau samtidig. Guten som hoppar er Markus Westerheim. Foto: Elisabeth Kjærland. Dei hoppar noko som heiter «Double dutch», om kan vera ganske vanskeleg.

 

 
Dei to jentene som hoppar saman med same tauet er Isabell Polden Andersen (i lilla jakke) og Maya Groot Hjøllo. Foto: Elisabeth Kjærland.

 
F.v. Elise Sundal (med ryggen til) Malin Jespersen Lyngbø og Lukas Mattias Rosnes. Foto: Elisabeth Kjærland.