Sponsa dei eldre med denne flotte sykkelen

Foto: Sparebanken Vest

Sparebanken Vest tok spanderbuksene på, og kjøpte ein sykkel til Fitjar bu- og behandlingssenter som skal hjelpe dei eldre å kome seg meir utandørs.

Sykkelen skal frakte eldre, funksjonshemma og psykisk utviklingshemma. Ved hjelp av denne sykkelen får brukargruppa komme seg oftare ut i lokalsamfunnet.

– Eit svært godt tiltak som Sparebanken Vest har fått vore med å realisere. Me vil gratulere Fitjar bu- og behandlingssenter med nytt og flott framkomstmiddel, skriv Sparebanken Vest.

Banksjef i Sparebanken Vest på Stord, Arve Havnerås, testa sjølv ut den nye sykkelen då han overleverte den på Fitjar måndag. Og konklusjonen er klar:

– Brukarane kan gle seg, dette var bra!

Banksjef Arve Havnerås er godt nøgd med sykkelen. Foto: Sparebanken Vest