Hegren lyser av god appetitt idet han skal svelgja konterusken i Havn. Foto: Kjetil Rydland.

Sjå hegren fanga fisk i Havn

I helga fekk me sjå ein gråhegre nyta ein god kvelds rett utanfor flytebryggja i Havn, då han fanga ein konterusk og svelgde den arme fisken heil. 

 

Hegre er ein kjekk fugl å ta bilde av, då han er både stor og sein i rørslene, og ikkje så veldig sky. Han er slett ikkje så fargelaus som det fulle namnet gråhegre skulle tilseia. Og ikkje så seig og dorsk som me kan få inntrykk av når han flaksar av stad med tunge vengjeslag, og beina hengande bakover i lause lufta.

Den store, flotte, men litt pjuskete fuglen er ein svært tolmodig fiskar, og kan sitja ein time eller to dørgande stille i strandkanten og venta på eit byte. Og så kan han slå til «raskare enn sin eigen skugge» og fanga fisk som passerer. Det fekk den stakkars ulkefisken i Havn merka her ein kveld. Før konterusken – ifølgje lokalkjende folk er det vårt lokale namn på denne ulkefisken – visste ordet av det, sat han fast i nebbet til den svoltne hegren. 

Og den piggete og lite delikate ulkefisken hadde ingen sjanse til å sleppa unna. Den svoltne hegren let seg ikkje skræma av piggane, og gjekk laus med å «tilbereda» byttet, kanskje han banka livet ut av fisken for å gjera han lettare å svelgja? Etter ei lita stund forsvann den lite delikate ulkefisken ned halsen på hegren. Og me kan sjå tydeleg sjå på halsen til hegren at den utvidar seg når han svelgjer fisken.

Magesyra til hegren er sterk, så fisken går nok heilt i oppløysing. 

Nedafor kjem ein liten bildeserie frå det lekre kveldsmåltidet til gråhegren i Havn God appetitt!

 


Opp av sjøen med deg, du skal bli kveldsmaten min! Foto: Kjetil Rydland. 


Dette skal bli godt! Foto: Kjetil Rydland.  


Hegren gjer seg klar til å sluka fisken. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Her lukkar nebbet seg rundt den arme fisken. Foto: Kjetil Rydland.

 


Og no har nok fisken møtt magesyra til hegren. Foto: Kjetil Rydland.