Mikroflyet etter landing på Fitjargarden. Foto: Kjetil Rydland.

Mikrofly landa på Fitjargarden

I ettermiddag ca. klokka 14.45 landa eit mikrofly på bakken til Tore Sigurd Fitjar.

 

Landinga var ei såkalla førevarslanding, opplyser piloten. Han vil ikkje kalla det ei nødlanding, for han hadde god kontroll.

Men på grunn av at motoren gjekk ujamt, fann han det best å ta flyet ned. Han slo av motoren og landa kontrollert på bakken til Tore Sigurd Fitjar.

Ingen av dei to pilotane kom til skade under landinga. Då me snakka med den eine av pilotane, ein halvtime etter landinga, rekna han med å ta av igjen frå same staden i morgon. Men først måtte dei reinsa bensinen.

Eit slikt mikrofly treng berre rundt 80 meter flystripe for å kunna ta av. Det lettar når det kjem opp i ein fart på 60-65 km/timen, opplyser piloten, som vil vera anonym.

Og rett før klokka 16.00 tok flyet av frå bakken på Fitjargarden.