No lyser det Harmonie på fabrikken på Sjoarreset.

Harmonie på Sjoarreset

I dag har det kome opp nye skilt på Sjoarreset, og det markerer at Harmonie har teke over den tradisjonsrike trevarefabrikken. 

 

Sandefjord-firmaet Harmonie har teke over fabrikken på Sjoarreset. Bak dette firmaet står Markus Ødegård; han er ein av dei tre som tok over fabrikken på Sjoarreset etter Fjeldtvedt-konkursen i 2015. No blir han eineeigar av fabrikken i Øvrebygda. 

Fusjonen mellom Mestervindu og Harmoni Norge har allereie funne stad, men no kan me sjå det synlege beviset på trevarefabrikken på Sjoarreset. I dag kom det opp nye skilt ved innkøyrsla til fabrikken og på fabrikkveggene, og firmabilane har blitt profilerte med ny logo.

Nils-Rune Skogsrud held fram som driftsleiar på  Sjoarreset. Han leier ein lokal administrasjon på fire personar, og i produksjonen vil dei har 40 tilsette. Budsjettet for 2018 er på rundt 70 millionar, seier Skogsrud, men han vonar at dei vil kunna auka omsetnaden og talet på tilsette med tida.

Fabrikken på Sjoarreset vil vera ei rein produksjonsbedrift, og hovudprodukta er vindauge, balkongdører og skyvedører. Alle produkta vil heita Harmonie, og salet vil foregå gjennom Handelshuset Harmonie. I Sandefjord vil dei i tillegg til sal ha administrasjon og lager. 

Sjølv om fusjonen skjedde for eit tid sidan, har ikkje det utvortes «hamskiftet» skjedd før no. Men frå i kveld lyser det «Harmonie» av fabrikklokala på Sjoarreset. Arbeidsfolka, som alle bur på Fitjar eller Stord, har kasta dei gamle, velbrukte kleda og fått nye arbeidsklede og profileringsklede. 

Frå 1. mai er det Harmonie som gjeld!

 


Driftsleiar Nils-Rune Skogsrud ønskjer velkommen til fabrikken på Sjoarreset, som no heiter Harmonie. Foto: Kjetil Rydland.
 


Vindauge, balkongdører og skyvedører er dei tre hovudprodukta våre, seier Nils-Rune Skogsrud. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Slik ser firmabilane ut etter hamskiftet på Sjoarreset. Foto: Kjetil Rydland.