Håvard Skålevik og Kåre Birger Bergesen fann fram til «Konsuatet» i Rossneset. Foto: Kjetil Rydland.

Kåre Birger fann fram i Rossneset

Kåre Birger Bergesen og ordførar Wenche Tislevoll var blant dei vel 130 som nytta det flotte søndagsveret til Finn fram-dagen i Rossneset.

 

– Dette er ein kjekk plass, seier Kåre Birger Bergesen, som har funne seg godt til rette i graset ved det såkalla «Konsulatet» i Rossneset. Han har barnebarn som bur like i næreiken, og som ofte nyttar den idylliske plassen ved turstien i Rossneset.

Og i går var ikkje Kåre Birger og barnebarna hans åleine i Rossneset. Over 130 personar registrerte seg på listene over deltakarar på Finn fram-dagen.

Rolf-Atle Rolfsnes stadfestar at det blei ein vellukkka dag på alle vis. Sprintløypa ute i skogen var veldig populær, Sigmund Sætre sende den eine ungdommen etter den andre ut i skogen. Løypa tok berre vel eitt minutt for dei raskaste, og enkelte tok mange rundar.

Leiaren i orienteringsgruppa, Øyvind Skålevik, stod for grillinga, og fekk god avsetnad på maten. 

Langs turstien til Rossneset var det lagt ut tolv postar, med spørsmål som folk kunne svara på. Her var det høvelege oppgåver både for store og små, som fekk sjekka svara då dei kom fram til «Konsulatet».

Gårsdagen markerte òg starten på det nye trimtilbodet Stolpejakta. Det er sett opp til saman 55 stolpar i Fitjar, og desse kan du finna ved å lasta ned ein app på mobilen din, og så orientere deg fram til stolpane.

I går hadde ein familie frå Karmøy teke turen til Fitjar for å gå på stolpejakt, fortel Rolf-Atle Rolfsnes, og dei var veldig fornøgde då dei kunne kjøpa seg pølser og kaker på turen!

 


Kristian Vestbøstad har nett vore gjennom sprintløypa. T.v. Sigmund Sætre. Foto: Kjetil Rydland. 


Grillmeister og leiar i orienteringsgruppa, Øyvind Skålevik, fekk god avsetnad på pølsene. Foto: Kjetil Rydland.

 


Johannes Sandvik Bø har lært seg orientering på 1-2-3. Foto: Kjetil Rydland.