Turid Fitjar framfor fangsthytta, som er pynta med beverskinn. Foto: Vetle W. Sandring. 

Turid Fitjar på eventyr i Alaska

– Det har vore eit eventyr! skriv Turid Fitjar om turen til Alaska. Nedanfor kan du lesa reiseskildringa hennar. 

Etter 3 månader i villmarka i vest er det berre nokre dagar att til eg set meg på flyet heim. Medan snøen smeltar og sola nesten ikkje går ned, kan eg sjå attende på ein vinter full av opplevingar eg kjem til å hugsa resten av livet. Eg vil med glede dela litt med Fitjarposten sine lesarar. 

 
Både jakt- og fangstkarriera fekk ein pangstart i februar. Etter ei veke med førebuing (stort sett handling, baking og pakking av mat), eit par timar i eit lite fly og eit par timar på ski i tau bak ein snøscooter skulle me gå dei siste 32 km på fjellski opp til fangsthytta på «Takotna river». Etter 30 elvesvingar var både sola og motivasjonen på veg ned. Brått ser eg omrisset av ei rype i kanten av vierkrattet langs elvebreidda. Salongrifla heng på sekken, men rypeflokken er tolmodig. Eg får tak i våpenet, eg legg meg i snøen, ladar – og etter det fyrste skotet kan eg kalla meg jeger! Fangstkvinne vert eg knappe to dagar seinare, då eg dreg min fyrste bever opp av isen. Fleire ryper, bever og mår blir det i løpet av den fyrste månaden.

 
Det store høgdepunktet i mars var den 21 dagar lange turen rundt Beaver Mountains. Me pakka med oss alt me trong av mat og utstyr for heile turen, mellom 40 og 50 kg oppakking kvar. Etter ein transportetappe på det flate scootersporet frå Takotna til Ophir (ein gammal gullgravarby som i dag er fråflytta) var det følelse av fridom då me tok av mot fjellheimen. Eg veit at me ikkje kjem til å møta på folk, høgspentliner eller vegar, det er urørt villmark så langt auga kan sjå. Ulvespor og rypeflokkar, snøbyger og solkrem, vierkratt og pulkar som veltar, tørre grantre og store bål – det er alt det skal handla om. 

 
I april var det på tide med heilt nye eventyr. Me reiste nordover, frå innlandet til nordvestkysten, til Kotzebuesundet. Det var godt å endeleg sjå sola gå ned i havet i staden for bak tretoppane. I landsbyen Noatak budde me heima hos ein inuittfamilie. Dei lærte oss om inuittane sine tradisjonar og historie, og let oss smaka på tradisjonell mat som sel, kval, villrein og fisk. Fangstmann og eventyrar Helge Ingstad skildra i sine bøker den store gjestfridomen blant folka her nord, og i fleire høve har me verkeleg fått kjenna på det same. 

 
Heimreisa starta med ski på beina for å koma oss til flyplassen. Dei lokale såg rart på oss og spurde kvifor me orka å bruka fire dagar på ski i staden for ein to timars tur med scooter. Dagsetappen over ei 30 km brei myr kunne blitt langdryg og kjedeleg, men me lukkast med både rev-, rype- og harejakt i strålande solskin. Våren er på veg, dyrelivet yrar og denne skulen har ingen eksamen. 

 
Med fare for å leggja inn litt reklame til slutt må eg nemna at Alta Folkehøgskole skal reisa til Alaska neste vinter óg. Sjå nettsidene til skulen for meir praktisk informasjon. 

 
Turid Fitjar