Unndis Bergås og Benedicte Meyer i eit lite rollespel i Fitjar kyrkje torsdag kveld. Foto: Kjetil Rydland.

Sterkt og engasjerande om skuld og skam

Psykologen Unndis Bergås heldt eit sterkt foredrag om sentrale tema under torsdagens temakveld i kyrkja, og fleire enn 60 burde fått det med seg.

 

Gjesten i Fitjar kyrkje denne kvelden driv psykologpraksis på Haraldsplass i Bergen, men har ein samansett bakgrunn. Ho var i fleire år misjonær på Taiwan, før ho reiste til USA og utdanna seg til psykolog. Så arbeidde Unndis Bergås ein periode med personalarbeid og undervisning i Oslo, men legg ikkje skjul på at det var godt å koma heim att til Vestlandet.

 

Skuld og skam er ikkje det same

Unn Bergås meiner mange strevar med skam utan å vera klar over det. Me forvekslar det ofte med skuld, og me har nok vore flinkare å hjelpa folk med skuldkjensle enn med skam, meiner ho. 

Skuldkjensle kjem av at me gjer noko gale. I motsetnad til skuld som går på noko eg gjer, er skam ei kjensle av at det er noko feil med meg, med den eg er, og den sit djupt, sa Unndis Bergås. 

Ho minte om kva den kjende psykiateren Finn Skårderud seier om skam, «… en opplevelse av egen uverdighet  … det er skammelig å vise sin skam. Den skamfulle forventer forakt.» Skam er noko me gøymer inni oss. 

Psykologen la likevel vekt på at det er ei sunn skam som er nyttig for å visa oss kor grensene går for kva som passar seg og kva som ikkje passar seg. Men mange har opplevd krenking og avvisning som har ført til dysfunksjonell skam. 

Samvitet ikkje Guds stemme!

– Dersom me oppfattar samvitet som Guds stemme, blir det rart, sa psykologen. Mange får dårleg samvit for bagatellar, medan andre ikkje ser ut til å ha samvit i det heile. 

– Dei som ikkje har samvit, er farlege folk!

Samvitet er eit instrument som kan vera feilstilt, og då må det justerast. 

 

Sanna syndene for kvarandre!

Unndis Bergås meiner det er viktig å gjera opp både med Gud og menneske, men ho var heilt klar på at det er forskjell på å få tilgjeving og å få ny tillit. Ho nytta på å slå eit slag for skriftemålet, som ho meiner er for lite brukt i kyrkja vår. Det kan hjelpa den som sit fast i skuld. 

Den som sit fast i skam, treng eit nådig blikk! Skam som blir delt, kan bli mindre skam, sa Unndis Bergås, og siterte psykiateren Finn Skårderud. Ho minte om at me er skapte til å hjelpa kvarandre. Så mykje betyr me for kvarandre, me kan gi kvarandre oppreising med å formidla Guds nådige blikk.

Avslutningsvis fekk me høyra om kvinna som blei teken i ekteskapsbrot, og som myndige menn stod klare til å steina. I Joh 8,1-11 seier Jesus til mennene som skulle steina henne, sa Jesus: «Den av dykk som er utan synd, kan kasta den første steinen på henne.» Og til kvinna sa ha: «Då dømer ikkje eg deg heller. Gå bort og synda ikkje meir!»

 


Elisabeth Moldestad syng – Når eg høyrer om påskemorgon …. Foto Kjetil Rydland.