Dei to beste på Fitjar, firemålsscorar Rezwan M. Kadir og Bernt-Ove Maraas. Foto: Kjetil Rydland. 

Endeleg tre poeng til A-laget

Fitjar vann sin første siger i årets 5. divisjon etter at Rezwan Kadir scora fire mål mot Inter Bergen, dei to første før motstandaran hadde klart å mønstra fullt lag.

 

Fredag kveld var det igjen forseinkingar over sambandet Halhjem-Sandvikvåg, denne gongen på grunn av stor trafikk. Det førte til at seriekampen mellom Fitjar og Inter Bergen ikkje kunne gå til oppsett tid. Bergens-laget kom seg ikkje over tidsnok til å rekka fram til kl. 19.00, og dermed kunne ikkje kampen gå på grasbanen, der det ikkje er flaumljos. 

 

Starta kampen med åtte mann

Godt og vel eim time forseinka bles dommar Tommy Jacobsen i gang kampen på kunstgraset, då hadde Inter Bergen endeleg fått åtte mann på banen. Fitjar nytta overtalet, og før det hadde gått eit halvt minutt scora Rezwan Mahammad Kadir det kjappaste målet me har sett på Fitjar. Han gleid lett gjennom, og scora sikkert. Et par minutt seinare var same mann frampå igjen og scora like enkelt ein gong til.

Med 2-0 etter tre minutt hadde Fitjar kontroll på kampen. Rett nok jamna det seg ut då motstandarane etter kvart fekk innpå elleve mann, og keeper Jacob Mehammer måtte visa fram eit par fine beinparadar. Men Fitjar hadde overtaket, og etter ein liten halvtimes spel kom Yonas Yang Tislevoll fint fri på venstresida og la inn framfor mål. Der kom Rezwan Mahammad Kadir og sikra året første hat trick på Fitjar.  

Flotte mål

Inter Bergen hadde spelarar med gode individuelle ferdigheiter, men Fitjar hadde nokolunde kontroll resten av kampen. Utover i andre omgang kom Svein Arne Jordan Raunholm, Lars Fitjar Waage og Øyvind Fykse Lie på banen for Fitjar, og var med og sette sitt preg på kampen. Men det var kveldens yngste Fitjar-spelar som scora 4-0. Kristian Træet fekk god tid og scora elegant frå over 30 meters hald. Eit flott mål!

Etter vel ein halvtime kom Daniel Skarpnes farleg gjennom, men Inter Bergen-keeperen var god og heldig. Returen hamna på vel 20 meters hald, og der stod innbytar Øyvind Fyse Lie og lobba kotrollert over keeper og i mål. 6-0 kom minuttet etter då same Øyvind Fykse Lie spelte Rezwan Mahammad Kadir fint gjennom, slik at Fitjar.spissen kunne scora frå kort hald. Pasning og skot var truleg den finaste detaljen me såg i denne kampen.

Positiv målforskjell og ikkje lenger sist

6-0 over Inter Bergen var høgst fortent, men å «friskmelda» A-laget til Fitjar er kanskje litt tidleg. Motstandarane gjorde det litt for enkelt for Fitjar i byrjinga av kampen. Men seks mål og tre poeng er sjølvsagt godt nytt, og bør gi sjølvtillit. Firemålsscorar Rezwan Mahammad Kadir fekk endeleg betalt for løpsvilje og engasjement. Elles held Bernt-Ove Maraas fram med solid spel og var nok bestemann på Fitjar, i tillegg til den nemnde storscoraren.

Etter gårsdagens trepoengar er ikkje Fitjar lenger sist på tabellen i 5. divisjon, og står plutseleg med positiv målskilnad. Men dei har spelt fleire kampar enn dei fleste andre. Neste sjanse til poeng kjem fredag 4. mai i Bergen, mot Bønes, som til liks med Fitjar har tre poeng etter tre tap og ein siger så langt. 

 

FITJAR  INTER BERGEN 6-0 (2-0)

Fitjar Idrettsplass, kuntgraset, fredag 27. april kl. 20.38 – seriekamp 5. divisjon avd. 03

Mål: 1. min. 1-0 Rezwan Mahammad Kadir, 3. min. 2-0 Rezwan Mahammad Kadir, 29. min. 3-0 Rezwan Mahammad Kadir, 66. min. 4-0 Kristian Træet, 77. min. 5-0 Øyvind Fykse Lie, 78. min. 6-0 Rezwan Mahammad Kadir. 

Gult kort for Fitjar: Jonas Aleksandersen (55.)

Dommar: Tommy Jacobsen, FK Bergen Nord Fotball

Publikum: 53

Fitjar sitt lag: Jacob Mehammer, Leif Tore Nesbø Aarland, Nils Ingard Værness Tislevoll, Sander Hrafnsson Tverborgvik, Bernt Ove Maraas, Kristian Træet, Torbjørn Korsvik, Jonas Aleksandersen, Jonas Yang Tislevoll, Rezwan Mahammad Kadir og Daniel Skarpnes. 
Innbytarar med speletid: Svein Arne Jordan Raunholm, Lars Fitjar Waage og Øyvind Fykse Lie. 

 


Nils Ingard Tislevoll set inn taklinga utanfor 16-meterstreken, og treffer ballen først. Foto: Kjetil Rydland.


Fitjartrenar Leif Didrik Steensohn fekk endeleg noko å jubla for, men tok ikkje heilt av. Foto: Kjetil Rydland.