Ordførar Wenche Tislevoll og Rolf-Atle Rolfsnes i O-gruppa. Foto: FP-arkiv / Håkon C. Hartvedt.

Finn fram i Rossneset med ordføraren!

Førstkomande søndag skipar o-gruppa i Fitjar Idrettslag til den årlege Finn fram-dagen frå Fitjar Idrettspark.

 

Som vanleg blir ordførar Wenche Tislevoll med på dette etter kvart tradisjonsrike arrangementet. Sjå kva me skreiv for to år sidan på Fitjarposten om den tilsvarande tilskipinga. 

 
Det er frammøte i Fitjar Idrettspark, og turen går langs stien i Rossneset til «Konsulatet». Det blir sal av turorientering, pølser i brød, kaker og kaffi og anna godt. Det blir premie til alle barna og ulike aktivitetar. Som tidlegare blir det sprintløype med brikker og tidtaking.

 
I år kan òg orienteringsgruppa lokka med eit nytt, gratis folkehelsetilbod, den såkalla «Stolpejakten». Infobrosjyre har blitt sendt ut til alle husstandane i Fitjar, og søndag markerer o-folket starten på dette trimtilbodet i Fitjar. Om du ikkje har fått brosjyren, kan du lesa meir på www.stolpejakten.no eller på appen til Stolpejakten, som du kan lasta ned på App Store eller Google Play. Brosjyren kan du henta i stativet ved Spar hos Larsen og ved biblioteket i Fitjar kultur- og idrettsbygg. 

Til trøyst for dei som ikkje likar appar, kan me opplysa at det går an å registrera stolpane manuelt på eit skjema som du finn i brosjyren om stolpejakta.

O-gruppa i Fitjar Idrettslag lokkar med fine premiar til dei som har vore med på stolpejakta. Kvar stolpe gir eitt lodd i trekninga.

God tur!

  


Stolpane står klare til å bli jakta på. Foto: Kjetil Rydland.