Eirin Moldestad Oma spelar 1. sats frå Fiolinkonsert i G-dur av Joseph Haydn, akkompagnert av Orlaug K. Evensen på piano. Foto: Kjetil Rydland. 

Flott ungdomskonsert på Rimbareid

Gårsdagens «ungdomskonsert» for dei eldste i Fitjar kulturskule viste at dei unge musikantane våre held eit svært høgt nivå.

 

Eit altfor lite publikum fekk oppleva ein imponerande konsert i amfiet på Rimbareid skule i går kveld. Rektor Håvard Kroka presenterte eit solid knippe av «dei eldste» i kulturskulen, det vil seia elevar som går på ungdomsskulen og i vidaregåande. 

Eit dusin solistar opptredde på piano og fiolin og med song. Sofie Rimmereid, Martha Westerheim, Eline Helle Fitjar, Maria Korsvik og Tor Håkon Aarbø spela gamle og nye stykke på piano. Anette Drønen og Martine Korsvik song solo, medan Eirin Moldestad spela fiolin, med og utan akkompagnement frå Orlaug K. Evensen på piano.

«Brassanova» – eit ensemble fra Fitjar skulekorps – avslutta konserten med feiande flott dansbar musikk. 

Kulturskulerektor Håvard Korka oppdaga det same som oss andre. Ungdommane held eit svært høgt nivå, og me har grunn til å vera stolte over det rike musikklivet i bygda. 

– No forstår eg korfor eg driv på med dette! utbraut Kroka etter den vellykka konserten. Det gjer me òg. 

 


Tor Håkon Aarbø spelar Queen-låten «Don’t stop me now». Foto: Kjetil Rydland. 

 


Maria Korsvik spelar «Song from a secret garden» av Rolf Løvland. 

 


Skulekorpsdirigent Sein Roger Koppang og Brassanova med «King of the Road». Foto: Kjetil Rydland.