Frida Kyvik får russelua si av russepresident Linn Renathe Aasheim. Foto: Kjetil Rydland.

Døypte av prest og president

I går blei rundt 50 Fitjar-russ døypte av «presten» David Holm Grasdal før dei fekk utlevert russelue av russepresident Linn Renathe Aasheim. 

 

Den høgtidelege seremonien fann stad på plenen austanfor Fitjar vidaregåande skule i går føremiddag.

Presten David Holm Grasdal serverte sukkerfri cola frå Rema, som russen måtte chugga, før han spylte meir cola over dei og sende dei ut på den glatte presenningen med Zalo, cola og vatn.

Dei som kom heilskinna over presenningen, blei møtt av russepresident Linn Renathe Aasheim i nedre enden av plenen. Ho leverte ut russelue til kvar enkelt, i tillegg til russenamn. 

Russetida har begynt, og frå i går begynte dei å gå med russekleda på. Dei har allereie hatt russekro på Stord og rebusløp på Bømlo. Eksamenstida er frå 15. mai til 15. juni, avsluttar den travle russepresidenten. 

 


Her er det Kaja Engevik som har fått russelua si. Foto: Kjetil Rydland.

 


Madeleine Lothe t.v. og Vilde Vorland Dahl seglar i Zalo over presenningen. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Presten David Holm Grasdal ser til at f.h. Marius Arnevik, Andrea Hollund, Rakel Pedersen Alme, Ingrid Koppang, Christina Grillo og Thea Vestbøstad chuggar cola. Foto: Kjetil Rydland.

 


Og her kastar presten David Holm Grasdal cola i ansiktet på Marius Arnevik. Foto: Kjetil Rydland.