Våren er komen på kyrkjegarden. Foto: Kjetil Rydland.

Dugnad på kyrkjegarden

I morgon er det ny vårdugnad på Fitjar kyrkjegard, og kyrkjeverja oppmodar folk om å bli med. 

 
Som me kan sjå, er nedre delen av kyrkjegarden strigla og fin, medan den øvre delen ser litt meir ustelt ut. Dette skuldast at sist laurdag hadde kyrkjefolket dugnad og fekk gjort mykje godt arbeid.

 
Men store delar av kyrkjegarden står altså att, og i morgon ber kyrkjeverkje Harald Rydland på nytt inn til vårdugnad på kyrkjegarden.

 
Han vonar rett mange har lyst å til vera med og gjera kyrkjegarden før våren og sommaren set inn for fullt. Arbeidet tek til kl. 10.00 og varer til utpå ettermiddagen når folk vil gå heim. Det vert servert graut ca. kl. 12.00.

Arbeidsoppgåvene er å skjera vegkantar, raka lauv og greiner, fjerna ved, klippa hekk og planera ei grøft. På kyrkjegarden har dei ein del reiskapar, men ta gjerne med rive, spade, hekksaks eller motorsag .

Kyrkjeverja minner om at dugnad er kjekt og nyttig!