No vert det ny branntankbil i Fitjar

Foto: Harald Johan Sandvik

Det var full semje om å kjøpa ny brannbil blant kommunestyrepolitikarane i Fitjar.

Kommunestyret i Fitjar hadde møte onsdag denne veka. Sak om kjøp av ny branntankbil stod på kartet, og som venta var det full semje om å kjøpa.

Finansiering ligg inne i budsjett 2018 og 2019. Egenes Brannteknikk AS i Flekkefjord er leverandør, kostnad er kr. 3.413.948 eks. mva, og bilen vert levert i 2019.

Kommunestyret gav også uttale til regionreforma under gårsdagens møte.

Vår nye region vil no som kjend heite «Vestland», og er ei samanslåing av Hordaland og Sogn og Fjordane. Målet er at regionane skal vera betre samfunnsutviklarar, vera meir brukarvenlege, stå for betre ressursbruk og gi betre tenester til innbyggjarar og næringsliv.

Fitjar kommune sluttar seg i hovudsak til hovudtrekka i høyringa, men kjem med sterk motsegn til punktet der regionen kan få fullmakt til å styra kommunane sin arealbruk med andre verkemiddel enn i dag. Regionen må ikkje verta ein «overkommune» på dette feltet. Det er viktig at kommunane får oppretthalda det juridiske ansvaret for arealforvaltninga på land og sjø, meiner politikarane.

Endringar i SIM

På fredag denne veka er det eigarmøte i SIM, og kommunestyret hadde føre både årsmelding og økonomiplan, i tillegg til endringar i SIM sin selskapsavtale. Til tre av punkta i selskapsavtalen har det knytt seg diskusjonar i Fitjar.

Først til miljøfondet på 51 mill., som er resultatet etter salet av SIM Næring AS. Skal fondet etter søknader frå kommunane dela ut berre det årlege utbyttet, eller skal ein kunna dela ut større summar til miljøtiltak i kommunane og byggja ned fondet over tid?

Deretter: Som ein følgje av eventuell nedbygging av fondet, ynskjer SIM å auka ramma for låneopptak frå 10 til 30  mill.

Kommunestyret sa med 12 mot 5 røyster ja til begge desse punkta.

Det tredje: Framlegg om å auka tal medlemer i forstandarskapet frå 23 til 24. I så fall kan dei tre største eigarkommunane saman utgjera kvalifisert fleirtal = 2/3 av stemmene. Det vil føra til redusert påverknadskraft for dei fire minste kommunane.

Fitjar kommunestyre sa samrøystes nei til å auka medlemstalet i forstandarskapet.

Ny bemanningsnorm i barnehagane

6. april la Kunnskapsdepartementet den nye bemanningsnorma ut på høyring. I framlegget er det ingen signal om at staten gir auka overføringar til tiltaket. På grunn av ulik bemanning i kommunane i dag, slår den nye norma svært ulikt ut. Sjølv om enkelte kommunar vil få ein sterk kostnadsauke, vil ikkje staten overføra meir til desse. For Fitjar vil det utgjera ei ekstra årleg utgift på kr. 1,6 mill.

 

Vedtaket i kommunestyret var slik: Fitjar kommune protesterer på manglande finansiering i høve ny pedagog- og grunnbemanningsnorm i barnehagen. Kopi vert å senda til Kommunenes Sentralforbund.