Eva Fjeldstad med «Takk for maten! Boka som tarmen din har ventet på». 

Takk for maten!

Førstkomande fredag vil Eva Fjeldstad halda foredrag i Fitjar kultur- og idrettsbygg om boka si, “Takk for maten! Boka som tarmen din har ventet på”

 

Fredag ettermiddag kl. 18.00 inviterer bilblioteksjef Silje Torbjørnsen til foredrag i Fitjar- kultur og idrettsbygg. Eva Fjeldstad vil halda foredrag som tar utgangspunkt i den nye boka hennar “Takk for maten! Boka som tarmen din har ventet på”.

Du vil få mange gode tips om kva som er bra for dei gode tarmbakteriane og korleis ulike næringsmiddel kan kombinerast for å forsterka den positive effekten. Ho kombinerer gamal, kanskje tapt, kunnskap om mat med nyare kunnskap om kva som er godt for helsa vår.

Foredraget er gratis og ope for alle, skriv biblioteksjef Silje Torbjørnsen.

Om Eva Fjeldstad

Eva Fjeldstad har arbeidd med fysiske og psykiske fordøyelsesrelaterte helseproblem sidan 2005. 

Ho driv kurs- og foredragsverksemd ved sida av ein praksis der ho tar imot pasientar som blant anna slit med fordøyelsen.

Eva er også sosionom, har leiaerutdanning fra BI, har hatt ulike leiarstillingar i Kriminalomsorga og er utdanna homeopat.

Kjelde: Nettstaden https://takkformaten.biz/