Populære lærarar i Fitjar kulturskule, f.v. Ole André Westerheim, rektor Håvard Kroka, Jone Foldøy Grutle og Rune Nesse. Foto: Kjetil Rydland.
Kulturskulekonsert på Rimbareid skule
Ein stor del av ungdommane i Fitjar går i kulturskulen, og i morgon kveld blir det konsert på Rimbareid skule.
Rektor Håvard Kroka tipsar oss om at det bli mykje fin musikk å høyra i amfiet på Rimbareid skule i morgon kveld kl. 18.00.
I løpet av ein liten time vil eit knippe av dei store elevane – i ungdomsskulealder – opptre med dei har hatt på programmet sitt det siste året.
På vegner av kultuskulerektoren ønskjer me vel møtt!