Jens Ragnar Helland scora det einaste målet for Fitjar. Foto: Kjetil Rydland. 

Bremnesingane var litt for sterke

Bremnes 2 vann 4-1 over Fitjar i ein kamp i 13-årsklassen på kunstgraset vårt i kveld.

 

Fitjar har ein god del spreke, veltrente gutar på 13-årslaget, men det er tydeleg at Bremnes har endå fleire. Gjestene kom med toarlaget sitt, men var likevel eit strå kvassare enn heimelaget. 

Elias Gerhardsen hadde ein travel kveld i Fitjar-målet, men kan ikkje lastast for nokon av måla til Bremnes. Heile fire gonger måtte han plukka ballen ut av nettmaskene i kveld, og det kunne lett ha blitt fleire.

Men Fitjar hadde og fleire gode sjansar, sjølv om det blei med det eine målet til Jens Ragnar Helland. 

Fitjar sitt lag: Elias Gerhardsen, Eirik Torbjørnsen, Gabriel Kannelønning, Johannes Bø, Adrian Vik, Andreas Auestad, Jørgen Skram Isdahl, Halvor Livastøl Aga, Sander Nordbustad, Filip Rimmereid, Johannes Tufteland og Jens Ragnar Helland. 

 


Johannes Tufteland. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Halvor Livastøl Aga viste godt igjen på midtbanen. Foto: Kjetil Rydland.  

 


Lagkaptein Eirik Torbjørnsen. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Ein travel kveld i mål for Elias Gerhardsen. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Adrian Vik er lett på foten og kan meir enn å køyra motocross. Foto: Kjetil Rydland.