Trude Mathiesen ny rektor ved Rimbareid skule

Fitjar kommune har tilsett ny rektor ved Rimbareid skule etter Bjørn Haaland. Den nye rektoren heiter Trude Mathiesen og kjem frå Stord. 

 

Det er skule- og oppvekstsjef John Karsten Raunholm som melder dette i kveld. 

Trude kjem frå Bergen, men har i mange år budd på Stord. Ho har ein lang og variert yrkesbakgrunn. I tillegg til lærarutdanninga har ho leiing i skulen og rektorutdanning som grunnlag for å gå inn i denne viktige leiarrolla.

Trude har tidlegare jobba som lærar ved Ortun skule i Bergen og ved Stord ungdomsskule. Ein periode var ho også innom Wärtsilä-konsernet. Dei siste åtte åra har ho vore assisterande rektor ved Leirvik skule.

Trude ser fram til å møta dei tilsette og bli kjent med skulen. Ho tek til i stillinga frå 01.08.2018.