Unndis Bergås, psykolog og tidlegare misjonær. 

Temakveld i kyrkja om skam, skuld og oppreising

Førstkomande torsdag er det igjen temakveld i Fitjar kyrkje, den siste i vår. Denne gongen er det psykolog og misjonær Unndis Bergås som vil halda foredrag i kyrkja. 

«Kyrkja vert ofte skulda for å vera meir oppteken av kjensler som skam og skuld enn av oppreising og det positive sjølvbiletet. Men er skam berre negativt eller finst det òg ei tenleg og nyttig skamkjensle? Og skuld – korleis kan ein leva med det? Blandar me desse omgrepa? Skuld nyttar me både i strafferettsleg og moralfilosofisk samanheng, men korleis snakkar me om skam? Og endå viktigare, korleis finn me oppreising? Korleis møtte Jesus menneske med skam og skuldkjensle?»

Noko av dette vil Unndis Bergås ta for seg på temakvelden i Fitjar kyrkje 26. april, skriv Eli Simonsen i temakveldgruppa.

Unndis Bergås har jobba mykje med denne tematikken både som misjonær og psykolog, ein spennande og uvanleg yrkeskombinasjon.

I dag driv ho eigen psykologpraksis i Bergen, og me ser fram til å høyra ho på temakvelden.

Det vert foredrag og høve til å stilla spørsmål..

Varmt velkommen! skriv Eli Simonsen i pressemeldinga.