Driftige misjonskvinner driv Strandabasaren vidare, f.v. Bodil Nesse, Tordis Eide, Else Hovland og Reidun Børtveit. Foto: Håkon C. Hartvedt. 

Strandabasaren lever!

Tradisjonen tru fylte Strandabasaren laurdag ettermiddag bedehuset nesten til siste plass, og stemninga var like god som vanleg.

 

Strandabasaren lever tydelegvis i beste velgåande. Det fekk me eit nytt prov på laurdag ettermiddag, då denne tradisjonsrike basaren neste fylte Stranda bedehus.

Dei siste åra er det Tordis Eide som har hatt hovudansvaret. Saman med dei andre damene i Stranda Kvinneforening for NMS hadde ho som vanleg gjort ein kjempejobb på førehand, og det vart servert gratis mat og drikke til alle.   
 
Bodil Nesse stod for leiinga av samværet, og John Karsten Raunholm leia utloddinga, like stødig som alltid. Han rista som ut vinnartala or det gamle trekkeapparatet. Denne gongen auksjonerte han ut òg ut årar, og fekk inn ein del ekstra pengar på det. Totalt gav åresalet 33 000 kroner på basaren.

Etter at dei har talt opp alle pengane, frå bøkene og årane, kan Tordis Eide konstatera at det kom inn totalt 60 500 kroner i år. Det er litt mindre enn i fjor, men like fullt ein flott sum, som NMS-kvinnene på Stranda ser fram til å senda til Det norske misjonsselskap.

Tordis Eide fortel at enkelte «faste folk» frå Stranda ikkje hadde høve til å vera med. Men det kom godt med folk frå dei andre krinsane i Fitjar, og mange frå Lerivik. Ho er både takknemleg og glad over at folk sluttar så godt opp om Strandabasaren.

 


Bodil Nesse leia basaren. Foto: Håkon C. Hartvedt. 

 


John Karsten Raunholm stod som vanleg for trekninga. Foto: Håkon C. Hartvedt. 

 


Solfrid Sandvik med ei flott fruktkorg. Foto: Håkon C. Hartvedt. 

 


Else Hovland (i framgrunnen) kan gle seg over mykje folk på Strandabasaren i år òg. Foto: Håkon C. Hartvedt.