Knut Vik frå Fitjar Skyttarlag fekk gleda av å dela ut premiane til Lars Sigurd Tufteland og Eirik Fitjar. 

Fitjarskyttarar til Hordastemnet på Bømlo

Sju skyttarar frå Fitjar Skyttarlag deltok på Hordastemnet felt, som gjekk av stabelen på Gilje på Bømlo i dag, og leverte mange fine prestasjonar.

 

Den sterke troppen bestod av dei fem ungdommane Eirik Fitjar, Asbjørn Raunholm, Lars Sigurd Tufteland, Julie Midtsæter og Ruben Kristoffer Tufteland, og i tillegg stilte Svein Olav Raunholm og Anita Bakkane frå Fitjar Skyttarlag. 


Fin gjeng frå Fitjar på Hordastement på Bømlo.

I rekruttklassen oppnådde Asbjørn Raunholm resultatet 24/13. Før finalen var dei tre beste heilt like med 28 treff, det enda med ein flott andreplass for Lars Sigurd, på resultatlista, som ser elik ut: 

1. Nora Flatås, Stord 12/6^
2. Lars Sigurd Tufteland 12/4
3. Eirik Fitjar 11/6

 I klassen eldre rekrutt fekk Julie Midsæter resultatet 23/6. Her var Stord klare favorittar med fem deltakarar i finalen. Reultatlista blei slik:

1. Haldor Valø
2. Lauritz Bjelland
3. Jens Martin Engevik

Ruben Kristoffer fekk resultatet 22/13 i juniorklassen. Her vann Erling Lien junior føre to sterke gutar frå Bergen. 

I klassen NV var det fire deltakarar. og Anita Bakkane og Svein Olav Raunholm kom på dei to første plassane: 

1. Anita Bakkane 30/16
2. Svein Olav Raunholm 27/7

Det var ekstra kjekt, fortel Anita Bakkane, at eldsjela i Fitjar Skyttarlag Knut Vik delte ut premie både til Lars Sigurd Tufteland og Eirik Fitjar. Det skjønar me godt, vel unnt både for Knut og dei unge skyttarane som fekk velfortente premiar. Me gratulerer med innsatsen! 

 


Frå standplass på Gilje under Hordastemnet felt.