Sjeldan gjest på merdkanten i Engesund. Foto: Goff Artsamai.

Hoggorm på Engesund Visningssenter!

Fredag morgon dukka det opp ein ubeden og svært sjeldan gjest på  Engesund Visningssenter i Fitjarøyane, då ein hoggorm brått sat på merdkanten.

 

Fiskerøktar Goff Artsamai hos Engesund Fiskeoppdrett gjorde store augo over det uventa synet som møtte han på merdkanten i går. Der låg ein lys levande hoggorm! 

Goff var på arbeid på Dyrholmen øst, som er knytt til Visningssenteret, og tok straks kontakt med driftsleiaren på oppdrettsanlegget, Frank Midttun. Som dei ekte dyrevenene dei er, tok dei hand om hoggormen og sette han trygt i land på Teløy.

Frank Midttun er ikkje sikker på om ormen har kome frå Teløy, Engesund eller Eldøy. Det er hoggorm på alle dei nærmaste øyane. Men det er eit godt stykke over, ein overfart på minimum 50-100 meter. Det gjer ikkje saka mindre spesiell at det framleis er kaldt i sjøen, synest Midttun. Sjøvatnet held berre 4-5 grader, seier han, så det er godt gjort at hoggormen har komme seg over. Kanskje har han blitt teken av den sterke straumen, men alt dette blir berre gissingar. 

Dagleg leiar i Engesund Fiskeoppdrett, Svein Eivind Gilje, er òg ein dyrevenn, og han slår fast: – Det er flotte dyr, dette, sjølv om dei ikkje er så godt likt. Men eg er litt usikker på om me kan ta han med i statistikken over besøkande!

 


Oversikt over merdane på Visningssenteret. Foto: Engesund Fiskeoppdrett. 

 


Hoggormen rakk ikkje å stikka av før dei ekte dyrevennene tok hand om han og sette han trygt i land. Foto: Goff Artsamai.