Fitjar nede for teljing med null poeng etter tre kampar. Foto: Kjetil Rydland.

Bremnesingane blei altfor sterke for A-laget

Trass ei tidleg leiing ved Daniel Skarpnes viste Fitjar-gutane seg altfor veike og måtte gi tapt for aggressive bremnesingar fredag kveld.

Fitjar kom godt i gang mot litt avventande bremnesingar på Olvondo stadion fredag kveld. Daniel Skarpnes kom til fleire brukbare sjansar i byrjinga av kampen, og det var verken uventa eller ufortent at den unge goalgetteren fekk gleda av å gi Fitjar leiinga 1-0. Han scora fint frå spiss vinkel etter å ha fått eit minst like fint framspell frå Kristian Træet på midtbanen.

 


Fitjar-keeper Trond Henriksen markerte seg med fleire flotte redningar på Olvondo. Foto: Kjetil Rydland. 

Ein augneblink trudde me at Fitjar skulle greia å festa eit aldri så lite grep om kampen. Men den gong ei. Leiinga varte berre i tre-fire minutt, før Benjamin B. Munkvold utlikna. Han scora frå kort hald etter eit hardt innlegg frå sida. Med slike harde innlegg hadde Bremnes funne vinnaroppskrifta. Kvar gong dei kom ned på kanten og fekk slege inn harde innlegg av gammalt, godt Roberto Carlos-merke, blei det kaos i Fitjar-forsvaret.

Bremnes dominerte den siste timen av kampen. 2-1 kom etter ein halvtimes spel, då Guttorm Kallevåg heada eit frispark i mål. Og rett etter pause fekk lagkaptein Andreas Agasøster litt for god plass på vel 20 meter. Det fine skotet gjekk inn i vinkelen, utanfor rekkevidda til kveldens solide Fitjar-keeper, Trond Henriksen. Derfrå og inn kontrollerte Bremnes kampen, og kunne lett ha scora både eitt og to mål til. Men bra keeperspel, stongskot og redningar på streken gjorde at Fitjar heldt eit slags liv i kampen.

Og ein smule dramatikk blei det på overtid. Fitjar tok seg kraftig saman på slutten, og Helge Myrmel Træet heada eit innlegg knallhardt i mål. No hadde Fitjar faktisk eit par sjansar til å utlikna, før dommaren bles av kampen, fire minutt på overtid. 3-2 til Bremnes var diverre heilt fortent, og sigeren kunne vore langt større.

På plussida for Fitjar i går noterte me at fem innbytarar kom innpå utan å svekka laget. Det skal bli spanande å sjå om Øyvind Fykse Lie og Lars Fitjar Waage vil nå gamle høgder. Litt meir urovekkande er det at laget som heilskap ikkje ser ut til å vera trent for 90 minutts spel.

Ny sjanse til poeng i årets 5. divisjon får A-laget komande fredag mot Inter Bergen heime på Fitjar.

 


Eitt mål på overtid blei eitt mål for lite for Helge M. Træet, som gjorde sitt beste for å utlikna i sluttminutta. Foto: Kjetil Rydland.

BREMNES–FITJAR 3-2 (2-1)

Olvondo stadion, fredag 20. april kl. 19.00 – seriekamp 5. divisjon avd. 03

Mål: 15. min. 0-1 Daniel Skarpnes, 19. min. 1-1 Benjamin Brekke Munkvold, 30. min. 2-1 Guttorm Kallevåg, 48. min. 3-1 Andreas Agasøster, 91. min. Helge M. Træet 3-2 

Gult kort: Andreas Agasøster (38.)

Dommar: Ronny Mongstad, Østsiden Askøy FK

Publikum: 100

Fitjar sitt lag (4-3-3): Trond Henriksen, Bernt Ove Maraas, Leif Tore Nesbø Aarland, Nils Ingard Værness Tislevoll, Sander Hrafnsson Tverborgvik, Helge Myrmel Træet, Kristian Træet, Torbjørn Korsvik, Marius Helland Storebø, Rezwan Mahammad Kadir og Daniel Skarpnes.
Innbytarar med speletid: Øyvind Fykse Lie, Jonas Yang Tislevoll, Lars Fitjar Waage, Svein Arne Jordan Raunholm, Emil S. Fitjar