Gabriel Nedal Kvamen ser ut til å finna seg til rette på ryggen til mor, Solrun Irene Kvamen. Foto: Kjetil Rydland.  

Ber barna i beretøy og gjer dei trygge! 

I dag møttest ein heil gjeng unge damer med ungane sine på Kaffiståvo for å dela erfaringar med å bera ungane sine i selar og anna beretøy.

 

Rett mange småbarnsforeldre i Fitjar har fått med seg trenden å bera småbarna sine i ulike slag beretøy. Ved å bera barnet inntil kroppen i rett ergonomisk utforma beretøy kan du få eit tryggare barn som græt mindre og har mindre kolikk.

Dette kan du lesa meir om i denne artikkelen på nettstaden Babyverden.no

Frå tid til anna møtest dei unge småbarnsmødrene i Fitjar for å utveksla erfaringar med ymse beretøy. Og i går var det beretreff på Kafiståvo ved blomsterbutikken på Fitjar.

I fremste rekkje stod Ingelill Handeland Eide, som instruerte dei sju andre mødrene om rett bruk av ymse bereutstyr. Ho har beretøysbibliotek og driv Facebook-gruppa Øyo Stord bæregruppe og utlån av bæretøy.

Her kan du lesa om ymse beretøy som du kan låna med deg heim ein periode. På denne måten slepp interesserte å kjøpa beretøy utan å vita om det passar dei. I beretøybiblioteket er det eit variert utval av bereutstyr som blir sponsa av ulike fabrikantar.  

Den entusiastiske gjengen har ingen faste beretreff, men møtest av og til på Kaffiståvo på Fitjar, Valentina i Bytunet på Stord og Gaffel & Vaffel i Kulturhuset på Bømlo.

 

 
Ingelill Handeland Eide viste dei andre mødrene korleis beretøyet skal brukast. Foto: Kjetil Rydland.

  


Småen ser ut til å finna seg rimeleg bra til rette på magen til besten. Foto: Privat.