Så fin er den nye Renault Zoe elbilen til Carfix. Foto: Kjetil Rydland. 

Carfix med utleigebil til kundane

Carfix på Fitjar kan skilta med ein splitter ny elbil som kundane kan låna medan dei har bilen på verkstad.

 

Dei var ikkje lite stolte i dag, dei fem carfixarane på Fitjar, då dei kunne presentera den flettande nye elbilen som dei har til utlån for kundane sine. 

– Me er framtidsretta, og har kjøpt inn ein ny elbil som kundane kan få låna, fortel Randi Almås på Carfix.

Ho legg til at Eivind Nesbø og Paul Bod nyleg har vore på kurs i el- og hybrid-bilar. Derfor er Carfix Fitjar klar til å ta service på alle slike bilar. Og ingen treng vera uroleg for at ikkje garantien gjeld om dei set inn bilen sin på Carfix.

– Alle beheld nybilgarantien så lenge dei får utført servicen sin her hos oss på Carfix, understrekar Randi Almås.

Det er Stian Helland, i lokalet like ved sida av verkstaden, som har profilert bilen etter alle kunstens reglar. Han driv einmannsfirmaet Helland CNC, der det etter kvart vil bli råd å få utført både profilering og ein god del andre tenester.

 


Andreas Bergeland Helland, Eivind Nesbø, Paul Bod, Randi Almås og Arne Skumsnes lovar topp service på elbilar og andre bilar medan du låner ein slik lekker Renault Zoe. Foto: Kjetil Rydland.