MF «Vågsøy» går i sambandet Sandvikvåg-Husavik. Foto: FP-arkiv/KR. 

Fjord1 med ny nettside

Ferjeselskapet Fjord1 lanserer ny nettside med eit heilt nytt visuelt inntrykk. 

 

Fjord1, som opererer alle ferjene i Sandvikvåg, lanserer ny nettside på www.fjord1.no, skriv selskapet i ei pressemelding i dag. 

Med eit nytt visuelt inntrykk med nytt design vil nettsida framstå som ei moderne side. Ferjeselskapet lovar ei brukarvennleg og stabil nettside. Dei ønskjer med den nye sida å gjera informasjonen meir tilgjengeleg og oversiktleg for brukarane.

 
Prosjektleiar Børge Nordal og HR-leiar Cicilie Færestrand i Fjord1 er godt nøgde med å kunna lansera ei ny nettside for selskapet.

– Når vi har utarbeidd denne nettsida, så har vi hatt kunden sine behov i fokus. Sida er basert på ulike analysar av bruksmønsteret til dei besøkande, og kundar vil mellom anna finna ønska informasjon raskare. Vi håpar at våre besøkande synest nettsida er både interessant og nyttig, og at den tilfredsstiller dei behov som den enkelte ser etter på sidene våre.

Nettsida er framleis under utarbeiding med omsyn til den engelske versjonen av sida, som er rekna å vera på plass innan nokre veker.

Nettsida er utarbeidd i samarbeid med Keyteq AS og designbyrået Feed, skriv Fjord1 til slutt i påressemeldinga.