Slik blir årets utgåve av Fitjarfestivalen

Styreleiar Inger Elin Helland orienterte formannskapet i Fitjar om den niande utgåva av Fitjarfestivalen.

I august vert det Fitjarfestival igjen. Styreleiar Inger Elin Helland var invitert til formannskapsmøtet for å informera om planane.

I år startar programmet alt på onsdagen, med foredrag av Arild Brakstad: «Det sorte gull» Det går ikkje på olje, slik ein gjerne skulle tru, men på angst og tvangstankar. Om å snu det negative til det positive.

Torsdag kveld vert det jazz/ blueskonsert i kyrkja, og offisiell opning av festivalen på PS Bryggekafè på Steingardseid. Fredag vert det opning med kaffi og kaker, og pirat-turar med «Seladon». Klangboltane spelar opp, det er tredje året dei er med, og på hotellet er det Peter Aagaard-kveld.

Styreleiar Inger Elin Helland i Fitjarfestivalen. Foto: Harald Johan Sandvik

Laurdag er det fiskefestival, servering av god mat frå Fitjar, og bodgate. I år skal også våre vener frå Filippinene presentera mat frå heimlandet.

Søndagen startar med gudsteneste på Sjøsida, deretter vert det servert middag for alle, før Fitjar Skulekorps avsluttar med minikonsert.

Fitjarfestivalen skal ikkje vera veldig stor, men vera inkluderande og jordnær, og tilby gode matopplevingar med råvarer frå både land og sjø.

Neste år har festivalen 10-årsjubileum. Alt no tenkjer dei artistar og andre medverkande. Styret ser for seg at årsmøtet vert halde rett etter festivalen, slik at planlegginga for 2019 kan ta til i september.