Den nye rådmannen i Fitjar er på plass

Olaug Haugen er ny rådmann i Fitjar. Foto: Harald Johan Sandvik

Påtroppande rådmann Olaug Haugen var med på sitt første politiske møte i Fitjar i dag.

Den nye rådmannen var på plass i Fitjar rett etter påske, og får heile april månad saman med Atle Tornes, som er pensjonist frå 1. mai.

Onsdag kveld var ho med på sitt første politiske møte i den nye kommunen då formanskapet møttest.

Ordførar Wenche Tislevoll ynskte den nye rådmannen varmt velkomen. Haugen takka for gode velkomstord, og gav uttrykk for at ein heil månad i opplæring gav henne ekstra godt høve til å verta kjend med kommunen, dei tilsette og sakene før ho overtar heile ansvaret.

Olaug Haugen er utdanna statsvitar frå Universitetet i Bergen, med administrasjon og organisasjonskunnskap som sitt spesialfelt. Ho har eit ekstra godt auge til kommunesektoren, og korleis kommunane brukar organisasjonsfridomen sin.

Etter stillingar i både Møre og Romsdal og Nordland fylke, har ho vore rådmann i 13 år: Først i Tingvoll, deretter i Averøy, og så ein ny periode i Tingvoll. Ho håpar å medverka med solid erfaring inn i organisasjonen i Fitjar. Dei same problemstillingane går igjen i dei fleste kommunar, men lokale tilhøve varierer. Ho håpar at ho kan vera ein lydhøyr leiar.

Mottakinga i Fitjar har vore veldig god, både i Rådhuset og på avdelingane. Ho har også vore innom nokre av verksemdene i Fitjar, og ho ser at kommunen har ein god dialog med næringslivet.

Den nye rådmannen er i gang, og ho gleder seg til arbeidet som ventar!

Desse sakene vart handsama i formannskapet:

Det er eigarmøte i SIM 27. april,

og formannskapet gjekk gjennom saklista. Det er særleg tre punkt representantane ser på: Disponering av miljøfondet på 51 mill. etter salet av SIM Næring, ynskje om å auka ramma for opptak av lån frå 10 mill. til 30 mill., og utviding av tal medlemer i representantskapet. Saka går til kommunestyret, og Fitjarposten kjem tilbake med referat.

 Skatteinngangen

svikta også i mars, med 1,6 mill. under budsjett. Etter tre månader er svikten 2,1 mill.

Dette rimar ikkje med landsgjennomsnittet, men det er ikkje mogeleg å finna nokon feil. Noko er heilt gale når det gjeld oss, sa rådmannen.

Budsjett 2018 er godkjent hos Fylkesmannen

Fylkesmannen skal kvart år godkjenna kommunane sine budsjett. Brevet til Fitjar i år hadde mange ord, men få konklusjonar. Han skriv at kommunen kom dårleg ut i samband med nytt inntektssystem, og at skatteinntektene har svikta noko. Samtidig kommenterer han at havbruksfondet, inntekter frå sal av konsesjonar etter 2016, er ein ny faktor. Der har kommunen budsjettert forsiktig.