Bjørg Strømme og bygdekvinnene har mange jern i elden. Foto: FP-arkiv/KR. 

Bli med til Kvinnherad på bygdekvinnestreif 

Bli med på bygdekvinnestreif i Omvikdalen 28. april, oppmodar Bjørg Strømme i ei pressemelding.

 

Fitjarbuen Bjørg Strømme er som kjent leiar i Hordaland Bygdekvinnelag. Ho fortel at fylkeslaget inviterer til BYGDEKVINNESTREIF på Dalheim Ungdomshus, saman med Omvikdalen Bygdekvinnelag. 

Her vil Sosan Mollestad vil presentera prosjekt «KvinnerUT». Norges Bygdekvinnelag ønsker å setja fokus på «inkludering» og «integrering» i organisasjonen gjennom aktivitetar i regi av lokallaga, og kompetanseheving blant medlemmene.

Med stønad frå Gjensidigestiftinga satsar Norges Bygdekvinnelag i 2017 og 2018 på å fremja og styrka inkluderingsarbeidet i organisasjonen gjennom prosjektet «KvinnerUT». 

Målet med prosjektet er å etablera møteplassar og kvinnenettverk som styrker minoritetskvinner og tilflyttarar si deltaking i lokalsamfunnet og hevar integreringskompetansen til bygdefolket. Hovudinnsatsen handlar om «å få kvinner ut» og skapa samhald gjennom felles aktivitetar i nærmiljøet.

Etter lunsj vil forfattar Bjørn Steinar Meyer  fortelja om boka si, der han  presenterer bondekvinnelagsføraren Olga Bjoner.

– På streifen får vi og eit spennande kulturelt innslag, lovar Bjørg Strømme i pressemeldinga. 

Til Bygdekvinnestreifen kjem det alltid mange bygdekvinner frå lokallaga i Hordaland. Streifen er opne for alle, og påmelding kan skje til  Grethe Brundtland på telefon  99 53 77 90 eller e-post: haavabak@online.no eller Bjørg Strømme tlf.48135758 e-post bjstroe@online.no