Lagkaptein Marion Træet og Siren Vik hadde god kontroll på midtbanen. Foto: Kjetil Rydland. 

Jenter med vinnarvilje!

I det sure regnet tysdag kveld var det Fitjar-jentene som viste både mest vilje og best evner, og banka Bjarg med heile 13-1. 

 

Fitjar IL sitt jentelag i 15-årsklassen har kome godt i gang med sesongen sin i 2. divisjon. I førre veke vann dei den første seriekampen sin med 5-3 borte over Solid/Trott, etter å ha lege under 0-2 tidleg i kampen. Og i kveld var det våte og forkomne gjester frå Fana-laget Bjarg som måtte strekkja mot dei sterke jentene våre. 

Gjestene heldt nokolunde følgje i første omgang, og greidde å redusera til 1-3 mot slutten av omgangen. I ein liten periode var dei på talefot med heimelaget, og kunne lett ha scora eit mål eller to til. Men etter 3-1 til pause var det jamt slutt for Bjarg-jentene, og Fitjar vann andreomgangen heile 10-0. Toppscorar for Fitjar blei ikkje uventa Linnea Vestbøstad, med fire mål, sjølv om ho spela midtstoppar i første omgang. 

Elles viste Fitjar seg igjen som eit jamt bra lag, med ein veldig god motor i dei tre midtbanespelarane Marion Træet, Mari Hatlevik og Siren Vik. Dei viser god speleforståing og sørgjer for å setja motstandarane under press heile tida. 

Fitjar sitt lag (antal scoringar i parentes) Tuva Nysæther, Sofie Rimmereid, Anna Sandvik Bø, Tori Vestbøstad (1), Marion Træet (3), Mia Volden, Siren Vik (2), Linnea Vestbøstad (4), Mathilde Kloster, Mari Hatlevik (2), Romante Zemgulyte (1), Leen Badr, Emilie Skram Isdahl, Live Bukkholm Stegane, Ida Marie Sandvik.

 


Linnea Vestbøstad (nærmast) blei toppscorar med fire mål mot Bjarg. Foto: Kjetil Rydland.