Øvrebygda-rektoren vil skifta skule

Rektor ved Øvrebygda skule, Sigbjørn Aarland, er ein av fire søkjarar til stillinga som rektor ved Rimbareid skule.

Bjørn Haaland gir seg som rektor ved Rimbareid skule, og Fitjar kommune har lyst ut stillinga.

Då søknadsfristen for å bli den nye rektoren gjekk ut for eit par veker sidan, var det ikkje meir enn fire interesserte søkjarar til stillinga.

Søkjarane er:

Roy Inge Stegane (45) frå Fitjar, jobbar i dag som lektor. 

Synnøve Ellingsen (38) frå Fusa. Jobbar i dag som rektor ved Fusa skule.

Trude Mathiesen (47) frå Stord. Jobbar i dag som assisterande rektor.

Sigbjørn Aarland (57) frå Fitjar. Jobbar i dag som rektor ved Øvrebygda skule.

Aarland har jobba som rektor ved Øvrebygda skule sidan i 2006.