F.v. HR-leiar i Fjord1, Cicilie Færestrand, maritim leiar Stig Hestetræet i Nordic Fire & Safety AS, og Monica Nyheim i verne- og miljøutvalet i Fjord1.

Hjartestartarar på ferjene til Fjord1

Alle ferjene frå Sandvikvåg til Halhjem og til Husavik i Austevoll vil få hjartestartar. Det same gjeld alle andre fartøy i Fjord1. 

 

Dette går fram av ei pressemelding frå Fjord1 i dag. Selskapet har investert i hjartestartarar til alle ferjene og rutebåtane i flåten, som består i over eit 60-tals fartøy. I tillegg får alle tre administrasjonskontora kvar sine hjartestartarar.


Hjartestartar. Alle fartøy i Fjord1 får ein slik om bord. Også alle avdelingskontora i Fjord1. Foto: Fjord1. 

Fjord1 er den første aktøren i den maritime næringa som tilbyr hjartestartarar om bord i fartøya, eit hjelpemiddel som kan skilje mellom liv og død om ulukka inntreffer.

Det er ikkje eit formelt krav med hjartestartar om bord i fartøya, men Fjord1 ønskjer likevel å ta ansvar og vere førebudd for ein kvar krisesituasjon som kan oppstå.

– Vi i Fjord1 er stolte over å vere den første aktøren i næringa som tek ansvar ved å investere i hjartestartarar om bord i våre fartøy. Vi tek vårt ansvar på høgste alvor, og ønskjer å vere førebudd for ein kvar situasjon som kan oppstå om bord. Våre mannskap øver rutinemessig på førstehjelp, og bruk av hjartestartar vil no inngå i desse øvingane, fortel driftsdirektør i Fjord1 André Høyset.

Det er selskapet Nordic Fire & Safety AS som leverer hjartestartarane, som vil bli distribuert ut på alle fartøya innan ei veke. Det er også Nordic Fire & Safety AS som legg til rette for opplæring og ettersyn av hjartestartarane om bord, heiter det i pressemeldinga.

 

 
Driftsdirektør i Fjord1 André Høyset overrekte hjartestartar til mannskapet om bord i MF «Møkstrafjord» i dag under markeringa av at ferja er sett i drift i sambandet Krokeide-Hufthamar. Foto: Fjord1.