Tjeld i Havn, ein stilig fugl med eit veldig stilig nebb. Foto: Kjetil Rydland. 

Tjelden er komen – det er vår!

Dei siste dagane har tjelden endeleg vist seg i båthamna i Havn, og me har fått eit nytt prov på at våren er komen.

 

Me har lagt merke til at tjelden er blitt observert både her og der i det siste. Det er heilt normalt, og helst litt seint. 

Derfor har me vore litt utolmodige etter å sjå han på den nærmaste og beste plassen i nærleiken av Fitjar sentrum, nemleg i Havn. Vanlegvis dukkar han opp ein gong i mars, men han er tydelegvis litt sein hos oss i år.

Gleda var ekstra stor i går då kunne nyta synet av den flotte fuglen med det endå flottare oransje nebbet.

Tjelden har blitt kåra til årets fugl 2018, og du kan lesa meir om fuglen på heimesidene til Norsk Ornitologisk Forening


Og her har tjelden kasta seg på vengjene. Foto: Kjetil Rydland.