Matros Sverre Fangel Brekke på «Skandi Vega» av Austevoll. 

Sverre: Matros på Aasta Hansteen-slepet

Sverre Fangel Brekke er med på Aasta Hansteen-slepet og har sendt oss nokre bilete frå det første døgeret etter at gigantplattforma kasta loss i Digernessundet. 

 

«Vår mann» på det store slepet fortel at han jobbar som matros om bord på «Skandi Vega», som er eigd av Austevolls-reiarlaget DOF. 

Dette er eitt av til saman fem skip som sleper Aasta Hansteen-plattforma frå Digernessundet og nord til gassfeltet i Norskehavet, 300 km vest for Bodø. 

Sjølve slepet starta i går 12. april, og er venta å bruka 11–12 døgn til lokasjonen. Der ventar to andre skip som skal ankra opp plattforma med 17 ankerliner.

Meir om Aasta Hansteen kan du lesa på Statoil sine nettsider.  

 


«Skandi Vega» har kobla slepevaieren i plattforma, og ventar på at «Skandi Iceman» (til høgre) skal gjere det same. Foto: Sverre Fangel Brekke.


Alle båtane er kobla fast, og slepet er i gang. Foto: Sverre Fangel Brekke.


Med godt samarbeid mellom båtane fekk ein plattforma under høgspentlinja over Langenuen. Foto: Sverre Fangel Brekke. 


Stemningsbilete frå brua på «Skandi Vega». Foto: Sverre Fangel Brekke.


Taubåten «Brytaren» assisterer «Skandi Vega» med å festa slepevaieren. Foto: Sverre Fangel Brekke.