Inviterer til kystgardsamling i Fitjarøyane

Femte år på rad vert kystgardsamling arrangert på Fitjar. Denne gongen går turen til Fodno.

På programmer er markvandring, samling i skulehuset (fredag) som feirer 100 år`s jubileum i 2018 og sviing av lynghei på laurdag.

– Det er meldt strålande solskinn og varme, så dette vert kjekt, seier arrangørane Arbeidsgruppa for kystgard & lynghei og Stord/Fitjar landbruks- og miljøkontor.

Dersom du ønskjer å melde deg på kan du sende ein epost til Aase Rygg Nøttveit i Fitjar kommune på asno@fitjar.kommune.no eller tlf. 5345 8500.

Gje tilbakemelding på behov for båtskyss, deltaking begge dagane, evnt fredag eller laurdag og overnatting.

Slik blir heile programmet for samlinga:

Fredag 13. april:
Kl. 15.00 Båt fra Fitjar
Kl. 15.30 Kaffimat samling ved skulehuset som har 100 år`s jubileum i år
Kl. 17.00 Markvandring (ta med gode sko for vått terreng):
• synfaring av Bård Inge sitt nye sauehus.
• Norsk Landbruksrådgjeving v/ Leif Trygve Berge snakker om grovfòrproduksjon i øyane.
• Vandring i kulturlandskap med Svein Eivind og Lisa. Nye brukarar på Sørfodno.
Kl. 20.00 Lokalmat ved skulehuset; bl.a laks frå Engesund m/tilbehør
Fortellingar frå Fodno (Maien og Robert)
Planlegging av sviing laurdag. (Bård Inge)
Laurdag 14. april:
Kl. 9.00 Delefrokost
Kl. 11.00 Markvandring med Robert. Han fortel om sigardsdrift.
Kl. 12.00 Formiddagsmat
Kl. 13.00 Sviing av lyng.
Kl. 16.00 Båt til Fitjar