Fylkesmannen og ordføraren er samde: Økonomien i Fitjar kommune er ikkje bærekraftig

Meir enn dobbelt så mange sosialhjelpmottakarar som landssnittet og unormalt høge utgifter til pleie og omsorg gjer at økonomien til Fitjar kommune kan på ein skikkeleg smell.

Det er spesielt unormalt høge utgifter til pleie og omsorg, grunnskule og sosialtenester som gjer at utviklinga av kommuneøkonomien i Fitjar dei neste åra ser dyster ut.

Når det gjeld sosialhjelp er Fitjar kommune blant kommunane i Norge der innbyggjarane går aller lengst på sosialhjelp, i følgje ferske tal får Kommunebarometeret.

Talet på mottakarar av sosialhjelp mellom 25 og 66 år er heile 13,3 prosent av innbyggjarane i Fitjar, mot eit landssnitt på 5,9 prosent. Tilsvarande høge tal finn ein blant unge vaksne mellom 18 og 24 år, der 6 prosent av innbyggjarane i Fitjar går på sosialhjelp, mot eit landssnitt på 3,7 prosent.

– Ikkje bra

– Dette er ikkje bra. Korkje for økonomien og for dei det gjeld. Her er me ikkje gode nok, erkjenner Fitjar-ordførar Wenche Tislevoll.

– Kva trur du er årsaka til at så mange i Fitjar går lenge på sosialhjelp?

– Det er ikkje godt å seie. Me har jo hatt ei låg arbeidsledigheit, så eg trur ikkje det har noko med jobbmarknaden å gjere. Men me har kanskje ikkje vore flinke nok med tiltak for å få folk til å kome ut i jobb.

Tislevoll er glad for tala som kjem fram i Kommunebarometeret, og meiner alle må vere førebudd på stramme budsjett i tida som kjem.

– Utgiftsnivået vårt er ikkje bærekraftig for kommuneøkonomien, det ser me så absolutt. Me må ned på kostnadsnivåa, for me har ikkje økonomi til å drive som i dag.

Også når det gjeld pleie og omsorg brukar Fitjar langt meir pengar enn kva som er vanleg. Fitjar kommune hamnar på 372. plass blant landets 422 kommunar når det gjeld utgifter til pleie og omsorg.

Eit av tiltaka Tislevoll varslar er reduksjon av talet på sjukeheimsplassar.

– Me må gjere tiltak som kan redusere kostnadsnivået. No investerer me i sjukeheimen som skal føre til ein meir rasjonell drift. Me skal nok ned i talet på sjukeheimsplassar.

Fylkesmannen samd

I fylkesmannen i Hordaland si tilbakemelding til Fitjar kommune om kommunebudsjettet er konklusjonen tydeleg om at økonomien ikkje er bærekraftig.

– Kommunen har hatt gode resultat i tre av dei fem siste åra, men legg no opp til svake resultat i økonomiplanperioden. Det er ikkje berekraftig på lang sikt, skriv Fylkesmannen.

Fylkesmannen viser til at årsaka til dette er auka utgifter kombinert med fallande skatteinntekter.

– Skatteinngangen har vore fallande. Det har, trass i kompensasjon gjennom inntektsutjamninga, svekka kommunen sin økonomi.

I følgje rådmannen vil dei fallande skatteinntektene gi ei svekking på 8,6 millionar kroner frå 2016-nivå på lang sikt, og 11,2 millionar dersom kommunen kjem over 3200 innbyggjarar.