Storspoven i flukt over bakkande på Rimbareid onsdag ettermiddag. Foto: Kjetil Rydland. 

Storspoven er tilbake!

Dei siste dagane har me kunna gle oss over den karakteristiske lyden til storspoven som fyk med kjappe vengjeslag over Fitjar sentrum og bakkane på Rimbareid. 

 

Den flotte fuglen med dei kjappe vengjeslaga som har vore på Rimbareid dei siste dagane, er ein storspove. Dette er ikkje ein uvanleg fugl i Noreg, og heller ikkje her på Fitjar. Han har blitt observert fleire stader oppe i Bygdo òg dei siste dagane.

Storspoven er ein fugleart i snipefamilien og er den største vadefuglen i Noreg, med ei lengd på ca. 55 cm og ei vekt på ca. 500–900 gram. Beina er lange, og det karakteristiske, bøygde nebbet er 10–15 cm langt.

Storspoven er ein trekkfugl som kjem i mars/april; han er altså komen tilbake til Fitjar i nokså vanleg tid i år. Han reiser igjen allereie i juli, så det gjeld å følgja med og nyta synet. Storspoven er eit flott syn, som du lettast kan få med deg ved å stoppa på Rimbareid. 

Fakta om storspoven finn du via denne linken. Den karakteristiske lyden kan du høyra på fuglelyder.net


Det lange, nedoverbøygde nebbet er sikkert godt å ha når du skal plukka makk. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Og her flyr storspoven igjen, men ikkje langt. Foto: Kjetil Rydland.