Så livskraftige var lamma på Sørheio etter berre eit par dagar. Foto: Kjetil Rydland.

Femlingar i smalhuset på Sørheio!

I smalhuset på Sørheio kom det fem livskraftige lam til verda i byrjinga av førre veke, og alle ser ut til å leva opp. Men ved ein inkurie fekk me ikkje fram alle bileta. No er biletet av av Arve Rydland og dei fem lamma «framkalt», og me legg ut artikkelen på nytt.

Femlingar i smalagaren er ikkje nokon kjempesensajon for historiebøkene, men me synest det er så sjeldan at det fortener litt merksemd. Og spesielt sidan alle dei fem lamma lever i beste velgåande, og ser ut til å få eit godt liv på Sørheio.

Så vidt me kan erindra, har me høyrt om femlingar både på Raunholm og andre stader i bygda. Og for to år sidan skreiv me om femlingar hos smalabonde Karen E. Sæbø.

– Men dette er første gongen me har fått femlingar på Sørheio, slår sauebonden Arve Rydland fast. 

Måndag utpå dagen gjekk han heim for å sjå til fembarnsmora, for han hadde ein mistanke om at fødselen nærma seg. Då han kom heim, hadde ho alt fått to lam, men ho såg slett ikkje ut til å vera ferdig. Snart kom det to til, men så var det stopp, utan at etterbøren kom. Arve skjøna at her kunne vera meir, og ganske rett, det var eitt til, som ikkje klarte å koma seg ut ved eiga hjelp. 

 
Men etter at Arve hadde vore inne og retta opp lammet, kom det ut i fin form. Dermed hadde Arve og sauen, av rasen norsk kvit, brått fem livskraftige småtassar å ta seg av. Arve såg med ein gong at alle var friske og raske. Han lét to vêrlam gå med mora, og tok dei tre andre lamma vekk; eitt saulam og to vêrlam. Desse har han tenkt å fora opp med flaske. 

 


Lamma under lampen går ei trygg framtid i møte. Foto: Kjetil Rydland. 

Dei to første dagane har dei tre lamma under den raude varmelampen blitt fora på råmjølk frå storfefjøset på andre sida av myra. Men frå no av skal dei få morsmjølkerstatning som er berekna på lam. Akkurat no ser dei litt mindre ut enn dei to som har gått med mor. Men alle lamma ser ut til å gå ei trygg framtid i møte hos Arve på Sørheio.

I garen ved sida av står ein stolt fembarnsfar og beundrar dei nyfødde. Han er ein flott gravêr av rasen norsk kvit sau, og til liks med mor er han tre år gammal. Han er vaksen opp hos den ivrige sauebonden Tore Atle Sørheim på Stord. På kåringssjået blei han kåra til beste vêrlam på Stordøya når det gjeld eksteriør. Skal me dømma etter det siste resultatet, må interiøret vera bra òg.