Svært god eldreomsorg i Fitjar kommune

Foto: Håkon C. Hartvedt

Dei førebelse tala i kommunebarometeret rangerer Fitjar på 45. plass blant dei 422 kommunane i landet når det gjeld eldreomsorg. Når det gjeld andre kommunale tenester står det langt verre til.

Kommunal Rapport har nyleg publisert førebelse tal for kommunebarometeret for 2018, som er ei rangering av tenestene til alle norske kommunar. På den positive sida kjem Fitjar kommune svært godt ut når det gjeld eldreomsorg. Her klatrar Fitjar frå 82. til 45. plass i høve fjorårets kåring.

Fitjar får spesielt ros for at alle vedtak om heimeteneste vert sett i verk innan 15 dagar. Fitjar er også gode å gi tryggleiksalarm til dei eldre.

I tillegg vert det framheva at Fitjar har eit svært høgt tal av sjukeheimsplassane som er avsett til demente. Nasjonalt er anslaget at fire av fem som bur på sjukeheim er demente, medan dette talet i Fitjar ligg på 93 prosent.

Nest sist i Hordaland

Men når det gjeld dei andre kommunale tenestene kjem Fitjar svært dårleg ut. Samla rangering for alle tenestene i kommunen plasserer Fitjar på 308. plass, ned fire plassar frå i fjor. Det er berre Øygarden som hamnar lenger ned på lista enn Fitjar i Hordaland.

Tenesteområdet der Fitjar kommune gjer det aller dårlegast er sosialhjelp. Unge mottakarar i Fitjar går mykje lenger på sosialhjelp enn kva snittet er i Norge, og endå verre stilt er det for dei over 25 år som går på sosialhjelp. Her hamnar Fitjar blant dei aller dårlegaste i landet.

Heile 13,3 prosent av dei over 25 år i Fitjar går på sosialhjelp, mot 5,9 som er snittet i landet.

Høge kostnadar

Det som også gjer at Fitjar hamnar kjem så dårleg ut på den samla rangeringa er kostnadsnivået. Spesielt innan pleie og omsorg brukar Fitjar langt meir pengar enn kva som er vanleg (372, plass). Dette er også tilfellet når det gjeld sosialhjelp (330. plass).

Slik kjem Fitjar ut på lista på alle tenesteområde:

Grunnskule: #291, ned 36 plassar frå i fjor

Eldreomrsorg: #45, opp 37 plassar frå i fjor

Barnevern: #185, opp 35 plassar frå i fjor

Økonomi: #247, opp 4 plassar frå i fjor

Helse: #339, ned 67 plassar frå i fjor

Barnehage: #297, ned 15 plassar frå i fjor

Sosialhjelp: #372, ned 56 plassar frå i fjor

Kultur: #227, opp 119 plassar frå i fjor

Kostnadsnivå: #331, opp 15 plassar frå i fjor

Miljø og ressursar: #233, ned 96 plassar frå i fjor

Sakshandsaming: #166, ned 46 plassar frå i fjor

Vass, avlaup og renovasjon: #139, ned 15 plassar frå i fjor