Ein stor flokk tårnagentar deltok med liv og lyst under søndagens gudsteneste i Fitjar kyrkje, saman med presten Olav J. Oma. Foto: Kjetil Rydland.

Politi og agentar i Fitjar kyrkje

28 tårnagentar, ein lensmann, ein hemmeleg gjest og fleire vaksenleiarar og englevakter inntok kyrkja sist helg då det vart arrangert tårnagenthelg for alle tredjeklassingane i Fitjar.

 

Dette er ein del av trusopplæringa i Fitjar kyrkjelyd, og blir arrangert kvart år. Inviterte blir dei som fyller ni år. Tårnagenthelga er utarbeidd av Den norske kyrkja i samarbeid med Søndagsskulen. I helga takka 28 tredjeklassingar ja til å vera med og oppdaga kyrkja på Fitjar og høyra historier frå Bibelen. Tårnagenthelg blir skipa til i mange kyrkjer, og i løpet av året er det meir enn 10 000 born som har vore med.

Denne helga fekk dei unge mange spanande oppdrag og mysterium som dei skulle løysa, og tårnet og klokkene i Fitjar kyrkje blei utforska. På laurdagen fekk dei vera med og finna igjen dei løynde skattane, etter at både altarbibelen, lysestakane, døypefatet og nattverdsutstyret hadde forsvunne. 

I starten fekk dei tips om fingeravtrykk frå mangeårig Fitjar-lensmann Svein Lunde, som troppa opp i kyrkja i full uniform. Seinare fekk dei besøk av ein hemmeleg gjest, utkledd som fiskar, som fortalte trushistoria si til dei unge. 

Mest interessant var det kanskje å få utforska kyrkja, og aller mest spanande var det visst i kjellaren til kyrkjelydsarbeidar Kristian Skumsnes. Elles fekk dei utforska både klesskapet til presten og kyrkjetårnet. 


I Tårnagentavisa fann Patrick M. Helland og Camilla Koløen Hansen mange spanande oppgåver å løysa. Foto: Kjetil Rydland. 

 

Helga blei avslutta med tårnagentgudsteneste søndag føremiddag, saman med resten av kyrkjelyden. Både tårnagentane og Fitjar barnegospel deltok på ymse vis. Til saman var heile 60 born i alderen fem til ni år med og sette sitt preg på gudstenesta i den fullsette kyrkja.

sokneprest Olav J. Oma delte ut boka «Skatten i Liljedalen» til kvar enkelt tårnagent. Den handlar om ungar som dei sjølve, som løyser mysterium, slik dei løyste mysterium i kyrkja på laurdag.

Dagens offer gjekk til Fitjar barnegospel og til kyrkjelydsarbeidet. Samværet i kyrkja blei avslutta med pizza for store og små. 

 

I alle kyrkjebenkene hadde tårnagentane lagt helsingar som denne under putene. Foto: Kjetil Rydland.  

 

  

Kva er eigentleg ein Tårnagent?

Ein Tårnagent er ein som har vore med på Tårnagenthelg eller er med i ei Tårnagentgruppe. Mange søndagsskular rundt om i landet har Tårnagentgrupper. På Tårnagenthelg får du utforske kyrkja di og vere med på å løyse mysterium. Kva betyr dei hemmelege symbola? Kvifor har kyrkja tårn og klokker? Kvifor finst kyrkja? Kva har kyrkja å fortelje? Kven er eigentleg Jesus? Stod han opp att på ordentleg? Var det nokon vitne som såg Jesus bli levande att? Kva betyr det for oss? Kva skattar er det Jesus snakkar om? Kva betyr det for meg? Kva er greia, liksom? Det er det de tårnagentar skal finne ut av denne helga! I Tårnagentavisa finn du hjelp til alt dette. Lukke til!
(Kjelde: TÅRNAGENTEN). 

 


Astrid Koløen Prestbø delte ut «Tårnagenten» til alle deltakarane. Foto: Kjetil Rydland.