Frå venstre: Sivert Bjørnstad, Helge André Njåstad, Jan Steinar Engeli Johansen, Sigurd Andre Maraas. Foto: Tobias Brännström.

Finanspolitikarar frå FrP på Fitjar-besøk

Torsdag i førre veke hadde Fitjar FrP besøk av Framstegspartiet sine medlemmer i finanskomiteen på Stortinget, saman med dei andre laga i Sunnhordland. Der nytta partiet sine lokalpolitikarar høvet til å pressa på for ordninga med tilskot til ressurskrevjande brukarar.

 

– Når våre folk i finanskomiteen reiser rundt i landet for å få innspel, nytta me sjansen til å leggja inn eit ord for denne viktige ordninga, fortel gruppeleiar for Fitjar FrP, Sigurd Andre Maraas.

Han er uroa over ordninga for ressurskrevjande brukarar, og held fram: – For Fitjar er denne ordninga særs viktig; me har ein sårbar økonomi, og det har også mange andre mindre kommunar. Me har behov for ei ordning som ikkje gjer at kommuneøkonomien kan få store uføresette svinginger i utgiftene.

I finanskomiteen for Framstegspartiet sit stortingsrepresentantane Helge André Njåstad, Sivert Bjørnestad og Jan Steinar Engeli Johansen.

– Turen til Sunnhordland var for å få innspel frå lokale Frp-arar til revidert nasjonalbudsjett, som me skal behandla no i juni og statsbudsjettet for 2019, fortel Helge Andre Njåstad.

Stortingsrepresentantane synest initiativet frå Fitjar FrP er viktig og var einige i at staten må tyngre inn på banen i å sikra alle eit godt helsetilbod uavhengig av kommuneøkonomien i den enkelte kommune.

– Ordninga med tilskot til ressurskrevjande brukarar, der kommunane får att frå staten 80 % over eit visst nivå, er laga for å oppnå det Maraas ber om, seier Njåstad, FrP har alltid heia på denne ordninga, og me vil i tillegg at staten i fleire kommunar skal gi tilskot direkte til eldreomsorga, slik det er gjort i Os kommune.