Bandet Askeladden med vokalist Johannes Aadland frå Fitjar, nr. tre frå venstre. Foto: Askeladden. 

«Ned i kjellaren» – ny singel frå Askeladden

Fredag 13. april slepper Bergens-bandet Askeladden singelen «Ned i kjellaren», som er henta frå det komande albumet til bandet, og dei feirar med releasekonsert på Frille og Dyvekes i Bergen.

 

– Askeladden går ned i kjellaren for å finna håpet, skriv bandet i ei pressemelding. 

Vokalist i Bergens-bandet er som kjent Johannes Aadland frå Fitjar. 

«Ned i kjellaren» er både ærleg og fengjande, og byr på referanser til Tom Waits og russisk folkemusikk, heiter det i pressemeldinga frå Askeladden. Sjølv om singelen er ein tyngre låt enn me vanlegvis får servert frå Askeladden, er han fylt av den karakteristiske optimismen til bandet. Me må berre litt lenger ned i mørket for å finne den, skriv bandet. 

– «Ned i kjelleren» blei skriven som ein slags «protest» til tunge tankar som mange ber på, ein protest til stemma som seier at alt er øydelagt og at ingenting kan bli bra. Det er song som skal kunna trøysta i tunge stunder, fortel vokalist Johannes Aadland.

– Denne songen er meint for å bringa inn lys der det er mørkt. Vi ønskjer at singelen skal vera som ei lommelykt for dei som opplever at livet har blitt helt svart, seier gitarist Harald Espeland frå Stord

Dei to andre bandmedlemmene er Torstein Mogstad på bass og Simon Kleppe Røskeland på trommer. Bandet er opptatt av å skriva låtar som formidlar gode historier fra alle livets sider, og musikken er ein hybrid av visesong og pop med innslag av alt frå rock og jazz, hip-hop og folkemusikk.

 


Coveret til låten «Ned i kjellaren». Foto: Askeladden.