Ole André Westerheim slepper ny plate i dag. Foto: FP-arkiv/KR.  

Ole André Westerheim med platealbum

Ole André Westerheim slepper platealbumet «Utanfor alt», som frå i dag er ute på alle streamingtenester.

 

Måndag 9. april kjem albumet «Utanfor alt» ut, skriv Ole André Westerheim i ei pressemelding. Albumet inneheld blant anna singelen «Satan på veggen», som kom ut 1. februar. Den har fått svært gode streamingtal og klatrar enno på topp 40 lista til Radio 102, seier den lokale plateartisten vår. 

Albumsleppet vert markert med ein releasekonsert på Arena laurdag 28. april.  

– Med på prosjektet er utelukkande unge, lokale krefter, seier Westerheim. Eg er stolt over å kunna sei at alle aktørar og deltakarar er frå Stord og Fitjar, og at eg sjølv er eg eldstemann på laget med mine 26 år. Musikken er innspelt i ABC studio i Etne. Der har me spelt inn musikken live. Me gjekk i studio med nokre demoar og tekstar, og arbeidde fram musikken saman. 

– Sjølv om dette er eit soloprosjekt med mine eigne tekstar, mine songar. så hadde eg aldri klart det utan eksepsjonell hjelp frå eit skikkelig stjernelag, held den lokale plateartisten vår fram. Eg er svært takknemlig for at desse unge og ekstremt talentfulle musikarane ville jobba saman med meg.

Dei andre involverte i innspelinga er Alf Erik Fylkesnes (trommer, studioteknikar, produsent, miksing), Severin Vik (gitar), Øystein Heide Aadland (tangentar), Mathias Agdestein Steffensen (bass) og Ingrid Bergesen (kor).