Jens Øien Kloster med gullmedalje etter sigeren i nattorientering.

Gull i nattorientering!

Fitjar har hatt fire spreke o-løparar i aksjon i løypene på Stord denne helga, og best blei unge Jens Øien Kloster, som blei kretsmeister i nattorientering i sin klasse. I tillegg blei han nummer fem i Kristtornløpet i går.

 

Jens Øien Kloster har hatt ei god helg i orienteringsløypene på Stord. Natt til søndag tikka det inn ei melding om at han hadde gått heilt til topps i nattorienteringa. Etter to timar i nattemørket på Stord vann han klassen sin, og kan kalla seg kretsmeister i nattorientering.

Og i går fekk han femteplassen i Kristornløpet i sin klasse. Som venta blei det litt hardare konkurranse mot andre løparar i i same området, og han vedgår at han var litt sliten etter dei nattlege eskapadane som gav gull. Jens er likevel godt fornøgd med utbytet i helga. 

Fleire nadre Fitjar-løparar deltom også i Kristornløpet søndag. Harald Westerheim tok tredjeplassen  i sin klasse, medan Rolf Atle Rolfsens og Øyvind Skålevik blei høvesvis nummer åtte og eleve i sine klassar.

Me gratulerer med fin innsats, spesielt gullmedaljøren Jens Øien Kloster.