Ailin Vik får gode råd av Gisle Flatråker Aarbø under gårsdagens sesongopning i Åsane. Foto: Privat. 

Bra sesongstart for Fitjar Racing Team

Både Oliver André Matre og Ailin Vik frå Fitjar nytta sesongstarten på Hukåsbanen til å kvalifisera seg til årets landsfinale i bilcross. Men alt gjekk likevel ikkje vegen for Fitjar-førarane på den gjørmete banen i Åsane i går. 

 

Med plass i landsfinalen er eit viktig mål for sesongen nådd både for Ailin Vik og Oliver André Matre. Ailin startar for tredje gong på rad landsfinalen i juniorklassen, etter sin femteplass. Medan Oliver André Matre er kvalifisert i seniorklassen med sin fjerdeplass i Bergen. Likevel sit dei to beste bilcrossførarane frå Fitjar med noko blanda kjensler etter sesongopninga. For begge to kunne det gått endå mykje betre. 

Ailin viste strålande køyring i dei tre innleiande heata, med tredje-, andre- og førsteplass, og fjerdesporet i A-finalen. Men her blei ho svartflagga etter å ha køyrt forbi ei gulflaggsone, og enda på femteplass til slutt. Men det er altså nok til at ho får køyra landsfinale mot dei beste bilcrossjuniorane i Noreg.

Eit anna skår i gleda var at ho miste bilen sin på bod etter løpet. Dette er ein risiko alle bilcrossførarar må leva med, men ekstra ergerleg er det at det var bilen med størst motor som blei kjøpt opp. No sit ho att med ein Opel med litt mindre motor, og vil nok ut på marknaden etter ein ny bil snart. Som vanleg når Oliver er på løp, er folk ute etter ei av boblene hans, så også denne gongen. Men Oliver hadde lagt inn bod sjølv, vann bodrunden, og kunne reisa heim att til Fitjar med VW-bobla si. 

Også Oliver kunne nådd lenger opp på resultatlista i går. I A-finalen fekk han motortrøbbel og måtte bryta etter å ha lege som nummer to ei stund. Men med fjerdeplassen i går er han komen bra i gang i vestlandsmeisterskapet, der han i praksis ligg som nummer tre etter første runde.

Dei to debutantane Joakim Strand og Ole Lønning gjorde sine saker bra. Men VW-bobla til Joakim fungerte ikkje heilt prikkfritt, og han vel nok å starta som debutant i neste runde òg; den går av stabelen i Vikedal første helga i mai. 

Fitjarføraren som hanka den største pokalen i går, var Håvard Helland, som vann rallycross. Her var det ikkje så stor deltaking, men med førsteplass i går er han godt i gang i vestlandsmeisterskapet. Han fortel at banen var særs vanskeleg. På grunn av teleløysing var det så vidt bilane kom seg fram. Og A-finalen blei avlyst; han innkasserte sigerspokalen for best resultat i dei innleiande rundane. 

 


Håvard Helland smiler i Bergen etter å ha vunne første runde i vestlandsmeisterskapet i rallycross. Foto: Privat.